Nærings- og samfunnsutvikling

Dei største næringane i Ulvik er landbruk og reiseliv, men ein finn også mange småbedrifter innan handel, handverk, og servicenæringar.

Heradet har som mål å utvikla eit godt lokalsamfunn for innbyggarar og næringsliv, og har ei viktig rolle som samfunnsutviklar.

Ulvik har lågare arbeidsgjevaravgift og fleire andre fordelar for næringslivet.

Strategisk nærings- og utviklingsplan inneheld tiltak ein ynskjer å ha fokus på fram til 2024, og er førande for prioriteringane i lokalt næringsfond.

Strategisk nærings- og utviklingsplan (SNU) 2019-2024  (PDF, 6 MB)

Ulvik herad ynskjer å:

  • Bidra til etablering av næringsliv.
  • Bidra til styrking av eksisterande næringsliv. 
  • Utvikla samarbeidsprosjekt landbruk – reiseliv, og næring elles.
  • Stimulera til aktiv bruk og vedlikehald av kulturlandskapet.
  • Bidra til å vidareutvikla samarbeidet med Ulvik Næringslag, og næringssamarbeidet i  regionen elles.
Til toppen