Rusfritt 16.mai arrangement i Kinsarvik

I år som førre år arrangerer Ullensvang kommune, Ulvik Herad, Eidfjord kommune og skulekrinsen i Granvin, eit rusfritt 16.mai arrangement  for ungdom.     Dato  16.mai 2025 Tid     17:30 Stad  Tangen i Kinsarvik

Helsefagarbeidar med rekrutteringstillegg. Tredje gongs lysing.

Om stillinga Me har ei ledig stilling på Ulvik Omsorgstun. Stillinga vil gå i todelt turnus med langvakter kvar fjerde helg. Sjukeheimen har 14 sengeplassar og eit godt tverrfagleg samarbeid med kjøkken, heimesjukepleie, fysio- og ergoterapeut med fleire. Etter at me har lagt om turnus med overgang til langvakter på helg er me no på jakt etter ein ny medarbeidar. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit miljø med høgt fagleg nivå. Du vil få høve til å ta del i spennande prosjekt og fagleg utvikling!   Stillinga vil ha storleik på 80%.   Oppstart: Snarast   Søknadsfrist: 01.05.2025   Tilsetjingstilhøve: Fast

Opning av skuleutstilling i biblioteket torsdag 24.april kl.19.00

Ulvik herad inviterer deg til  å sjå vår nye skuleutstilling i folkebiblioteket. Velkomen!  

Bålforbod

Mellom 15. april og 15. september er det generelt bålforbod i Norge. Då er det normalt ikkje tillate å tenna bål, bruka eingongsgrillar, bålpanner og annan open eld, i skog og utmark utan løyve frå kommunen. Les meir her

Reguleringsplan for Brakanes og "Pallen" vedtatt.

Ulvik heradsstyre gjorde i møte den 9.april følgjande vedtak:   I medhald av PBL §12-12 vedtar Ulvik herad «Detaljreguleringsplan for Brakanes sentrum» med tilhøyrande føresegner og plankart datert 28.02.2025.   2. Føresegna vert supplert med ein redaksjonell endring ipkt. o_GT_2 s. 9: Det vert lagt til rette for etablering av gågate. og pkt. o_GP_2 s.10: Det kan etablerast eit felt med skjermande vegetasjon mellom  parken – Almenningen -  og gravplassen, som en buffer mot gravplassen. Utforming og innhald i buffersona må tilpassast tiltak som er planlagt i området, for å gje ei gjensidig skjerming.    3. Vedtaket kan klagast på, jf.plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova §§ 28 og 29.

Osafjellsvegen

Osafjellsvegen er brøyta og opna for trafikk opp til Austdalsvatnet.  

Wollert`n opnar att

Tysdag 15. april kl. 10 - 18 opnar Wollert`n att.

Ny hurtigladestasjon i drift

Den nye hurtigladestasjonen ved avkøyring frå fv 572 mot Brakanes hotel er sett i drift. Her kan ein no lade opp til 200 kw.  Du finn den i app'en "Bilkraft"

FLEIRE LEDIGE STILLINGAR I ULVIK BARNEHAGE

Stilling 1 Barnehagen har, frå 1. august 2025,  ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid, kan evt. opna opp for assistent .   Stilling 2 Vikariat som barnehagelærar evt. fagarbeidar i 100% stilling frå 1. august 2025- 31. juli 2025.   Stilling 3 Vikariat som fagarbeidar evt. assistent i 20% frå 15. august 2025 - 31. juli 2026. Stillinga er knytt til storbarnsavdeling.   Søknadsfrist :  1. mai, 2025

Butikklokale i sentrum av Ulvik til leige

  Plato AS har for leige butikklokale sentralt i Ulvik i Hardanger  Butikken ligg på gateplan i eit bygg med 18 leilegheiter i etasjane over, og med Brakanes kurs- og konferansesenter på andre sida av bygget.  Det er god tilkomst for varelevering og parkering i gata utanfor.   Areal:  BTA 345 m2 BRA 330 m2