Årsaka til uønskte hendingar skal registrerast som avvik:
- Årsaka til alvorlege hendingar eller ulykker som har ført til skadar på menneske, miljø eller utstyr. Eksempel er årsaker til arbeidsulykker og arbeidsrelatert sjukdom, skadar på materiell og miljø, brann og miljø- eller helseskadelege utslepp.
Andre hendingar er kanskje ikkje like synlege, men bør likevel registrerast som avvik:
- Årsaker til nestenulykker som under andre omstende kunne fått verre utfall. Det kan vere feil på sikkerheitskritisk utstyr som blir oppdaga i tide, ein open ventil som blir lukka, eller dårleg emballasje som må skiftast ut før det blir lekkasje.