Organisasjonsnummer, kommunenummer, kontonummer, fakturering

Organisasjonsnummer : 971159928
kommunenummer : 4620
kontonummer : 3450 19 70001

«Formkrav» til faktura

Alle rekningar som skal sendast Ulvik herad, må iflg Bokføringslova § 5-1-1 innehalde fylgjande:

  1. Kjøpar si fakturaadresse: Ulvik herad, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik
  2. Selgjar sitt namn, adresse, kontonummer og organisasjonsnummer etterfylgd av bokstavane MVA (om firma er registrert i mva registeret)
  3. Fakturanummer
  4. Dato faktura er utskriven
  5. Kva rekninga gjeld
  6. Tidspunkt og stad for levering av vara eller tenesta
  7. Fakturabeløp og spesifikasjon av kor mykje mva utgjer
  8. Forfallsdato
  9. Tingaren sitt namn og eit tilsettnr (5 siffer)
  10. Namn på tenesteområde/eining i Ulvik herad som har tinga og fått vara eller tenesta levert

 

Sendingsmåte for faktura til Ulvik herad

Faktura sendast først og fremst som EHF (Elektronisk Handels Faktura). Ulvik herad si EHF-adresse er organisasjonsnummer: 971 159 928

Faktura kan eventuelt sendast til postmottak@ulvik.kommune.no

Til toppen