Innsyn i personopplysningar
Når heradet behandlar personopplysningar om deg, har du rett til å vita kva opplysningar som vert behandla, kva opplysningane vert brukte til og kor lenge dei vert lagra.
Forslag til vidare lesing: personvernforordningen artikkel 15 og Datatilsynets nettsider om rettigheten.
Retting av personopplysningar
Dersom heradet sine opplysningar om deg ikkje er riktige, har du rett til å få dei endra. Det gjeld også dersom heradet ikkje har fullstendige opplysningar om deg.
Forslag til vidare lesing: personvernforordningen artikkel 16 og Datatilsynets nettsider om rettigheten.
Sletting av personopplysningar
Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Dersom du meiner at heradet behandlar informasjon om deg som ikkje er naudsynt, kan du be om at denne informasjonen vert sletta. Dette gjeld ikkje dersom opplysningane skal oppbevarast i samsvar med anna lovgjeving, til dømes arkivlova.
Forslag til vidare lesing: personvernforordningen artikkel 17 og Datatilsynets nettsider om rettigheten.
Begrensa behandling av personopplysningar
I visse tilfelle kan du kreva at behandlinga av personopplysningane dine vert begrensa. Dette kan til dømes skje dersom du meiner at personopplysningane dine ikkje er riktige, og at det vil ta tid for heradet å vurdera dette.
Begrensing av opplysningane fører til at personopplysningane som vert samla inn ikkje lenger kan behandlast. Dei kan framleis lagrast til vurderinga av kva som skal gjerast med personopplysningane er fullført og evt. nausynte handlingar, til dømes å retta personopplysningane, er gjennomført.
Forslag til videre lesing: personvernforordningen artikkel 18 og Datatilsynets nettsider om rettigheten.
Dataportabilitet
For enkelte behandlingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil sei at du kan kreva å få overført personopplysningar frå Ulvik herad til nokon andre. Denne retten har likevel fleire unntak. Retten gjeld til dømes ikkje dersom kommunen behandlar personopplysningane dine for å utføra ei oppgåve som er i alle si interesse, eller at heradet utøver offentleg mynde.
Forslag til vidare lesing: personvernforordningen artikkel 20 og Datatilsynets nettsider om rettigheten.
Protest mot behandling av personopplysningar
Du kan protestera på at heradet behandlar opplysningar om deg. Retten din gjeld ikkje i dei tilfelle der heradet behandlar personopplysningar om deg for å utføra ein avtale du har med oss, eller dersom heradet er pålagt gjennom lov å behandla opplysningane.
Forslag til vidare lesing: personvernforordningen artikkel 21 og Datatilsynets nettside om rettigheten.
Klage
Du kan klaga til Datatilsynet dersom du ikkje er nøygd med korleis heradet behandlar personopplysningane dine , eller du meinar behandlinga er imot personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram for å klaga, finn du på nettsidene til Datatilsynet. Personvernombodet kan kontaktast dersom du treng hjelp – sjå kontaktinformasjon nedanfor under «Personvernombud».