Sms- varsling frå heradet

Ulvik herad bruker varslingssystemet Varsling 24. Med dette systemet kan vi raskt varsla dei det gjeld ved behov, utifrå gateadresser. Varsling 24 varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Kvifor er dette nyttig for deg?

Me varslar deg ved hendingar du trenger å vite om. Det kan vere ved stenging av vatn, stengde veger, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre tilhøve som krev rask informasjon.

Korleis finn vi deg?

Varsling 24 bruker tre register for å nå ut med informasjon til deg.

Privatpersonar

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi). Vi tilrår deg å leggja inn mobiltelefonnummeret ditt og e-postadresse din i kontaktregisteret. Dei fleste førespurnadar frå det offentlige henter kontaktinformasjonen herifrå, for eksempel til skattemeldinga.

Oppdater kontaktinformasjonen din her (Norge.no)  

Føretak

Føretak som er registrert på gateadressen, vert varsla utifrå informasjon registrert i Enhetsregisteret. Kontaktdata for føretak blir henta frå Altinn. Føretak med fleire adresser bør registrera desse som undereining hos Brønnøysundregistrene.

Gå til Brønnøysundregisteret her 

Tilleggsregister

Tilleggsregister kan du bruka dersom du ynskjer å motteke varslar for eit føretak eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. Tilleggsregisteret nyttast berre av din kommune. Det er derfor viktig at du oppdaterar informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flytter til ein anna kommune. 

Gå til tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)

Sårbare verksemder

Sårbare verksemder er til dømes føretak som er avhengig av vatn for å driva verksemda sin. Dette kan vere sjukehus og medisinske sentre, alders- og sjukeheimar, lege og tannlegar, barnehagar og skuler, næringsmiddelprodusentar og bønder/husdyrhald.

Tilleggsregisteret gjer at kontaktpersonar for verksemder kan knytast til verksemda, med telefonnummeret sitt. Kontaktpersonen vil da motteke varsel frå kommunen samtidig med verksemda. 

Registrer deg i tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)

Får du ikkje varslar?

  1. Er du folkeregistrert på din adresse? Sjekk din adresse i Folkeregisteret her.
  2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? Oppdater din kontaktinformasjon her.
  3. Hugs å melde flytting dersom du bytter adresse

Hemmeleg telefonnummer

Dersom du har hemmeleg nummer og ynskjer varsling, må du registrere deg i tilleggsregisteret. Kryss av for hemmeleg nummer når du registrerer deg. 

Til toppen