KontrollutvaletKontrollutvalet i Ulvik har fem medlemmer, og ein av medlemane skal veljast blant heradsstyret sine medlemmar.Kontrollutvalet vedtek slik møteplan for 2024:Dato:16.02.202429.05.202405.09.202428.11.2024 Kontrollutval 2023-2027 Medlem Vara Anders Kristoffer Oppheim (V), Leiar 1. Arild Oppheim (SP) Alf Gunnar Sortland (AP), Nestleiar 2. Lars Helge Ljone (SV) Harald Gorm Johnsen (SV) 3. Hulda Run Thorbjørnsen (AP) Hans Åge Ohnstad-Johansen (H) Maria de Fatima vestrheim-Gomez (V) Kontrollutvalet skal føra tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av heradsstyret og sjå til at heradet har ein forsvarleg revisjon. "Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner" er ein viktig basis for kontrollutvalet si verksemd. Førespurnader til kontrollutvaletSom innbyggar i heradet kan du vende deg til kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon. Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle henvendingar som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a. Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandle dei saker som heradsstyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld henvendingar frå andre enn heradsstyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det henvendinga tek opp.Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som vender seg til kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.Førespurnader kan sendast til sekretariatet for kontrollutvalet Sekretariat:Kjartan Haugsnes , Sekreteriat for kontrollutvaletMobil: 901 89 542Epost: kjartan.haugsnes@vlfk.no Innkallingar/ møteprotokoll frå kontrollutvalet 2024 Møteprotokoll kontrollutvalet 16.02.2024 (PDF, 150 kB) Innkalling til møte i kontrollutvalet 16.02.2024 (PDF, 5 MB) Møteprotokoll 29.05.2024 (PDF, 61 kB) Innkalling til møte i kontrollutvalet 05.09.2024 (PDF, 7 MB) Møteprotokoll kontrollutvalet 05.09.24 (PDF, 81 kB) Møteprotokoll kontrollutvalet 28.11.24 (PDF, 88 kB) Innkalling til møte i kontrollutvalet 28.11.24 (PDF, 4 MB) Innkalling til møte i kontrollutvalet 29.05.24 (PDF, 7 MB) Møteprotokoll frå kontrollutvalet 2022/2023 1 Møteprotokoll kontrollutvalet 03.03.2022 (PDF, 200 kB) 2 Møteprotokoll kontrollutvalet 02.06.2022 (PDF, 118 kB) 3 Møteprotokoll kontrollutvalet 06.10.2022 (PDF, 153 kB) 4 Møteprotokoll kontrollutvalet 08.12.2022 (PDF, 228 kB) Møteprotokoll kontrollutvalet 02.03.2023 (PDF, 138 kB) Møteprotokoll kontrollutvalet 05.05.2023 (PDF, 127 kB) Møteprotokoll kontrollutvalet 07.12.2023 (PDF, 128 kB) Publisert 26.10.2021 13.00 Sist endra 10.12.2024 12.31