Datatryggleik

Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC) forventar auka risiko for cyberåtak mot norske verksemder og institusjonar. Cyberoperasjonar retta mot ukrainske mål kan også få indirekte konsekvensar for norske verksemder. For meir informasjon om dette, viser me til Nasjonal sikkerhetsmyndighet sine nettsider. Som privatperson bør du vera ekstra påpasseleg med kva du klikkar på av e-post-vedlegg, i sosiale media og på usikre nettsider. Følg generelle råd for passordbeskyttelse og datatryggleik.

Pass også på kva du deler vidare i sosiale media. Det pågår ein kamp om sanninga, og det er lett å verta misbrukt.

Til toppen