Korleis kan eg hjelpa


Det viktigaste du kan hjelpa med når flyktningane frå Ukraina kjem til Ulvik er å ta imot dei på ein god måte og møta dei som medmenneske. Flyktningane har med seg traumatiske opplevingar frå krigen og frå å måtte flykte frå sitt heimland, det er difor viktig at dei opplever at Ulvik er ein trygg stad der dei er velkomne.

Menneske med traumatiske erfaringar kan reagera på ulike måtar, i tillegg er det overveldande å komme til ein heilt ny stad der ein ikkje forstår språket, ver oppmerksam på dette. Eit smil og medmenneskeleg omsorg kan bety meir enn du aner. Ta kontakt med tenestetorget dersom du vil bidra meir praktisk.

 

Du kan også sjå nettsidane til humanitære organisasjonar som hjelper flyktningar frå Ukraina:

Til toppen