Med bakgrunn i krigen i Ukraina er mange ukrainarar på flukt. Det kjem stadig nye oppdateringar om situasjonen i landet og kor mange som er på flukt og treng vern.
Alle kommunane i Noreg er no oppmoda om å busetja fleire flyktningar enn fyrst planlagt. Med bakgrunn i den nye situasjonen har Ulvik herad vedtak om å busetja til saman 25 flyktningar i 2022.
I oppmodingsbrevet vert det peika på at det vil særleg vere kvinner, barn og eldre flyktningar som kjem frå Ukraina og dei ber om at kommunen legg planar for å byggje opp tenestetilbodet for fleire flyktningar. Dette gjeld både bustadtilbod, helsetenester, introduksjonsprogram, barnehageplassar og skuletilbod.
Rådmannen har hatt møte med heile leiargruppa og representantar frå aktuelle tenestene for å kartleggja både kapasitet- og ressurssituasjonen, og tenestene er i gang med å vurdera korleis dei kan løysa oppgåvene knytt til oppmodinga om å busetja 25 flyktningar i 2022.
Kommunen vil motta tilskot som sannsynlegvis vil dekka utgiftsauken, sjølv om eit slikt omfang vil krevja auka innsats og bemanning i mange av tenestene, og auke i andre utgifter som introduksjonsstønad. Den største utfordringa er å få tak i tilstrekkeleg med bemanning med rett kompetanse, i rett tid. Det lar seg sannsynlegvis ikkje gjera, og nokre andre arbeidsoppgåver må i ein periode nedprioriterast. Til trass for dette, er det stor vilje til å stilla opp og få til løysingar for å møta behovet. Stor vilje og engasjement er det også frå innbyggjarar i kommunen, og mange har meldt frå om at dei har bustader ledige til formålet. Ulvik herad har i tillegg nokre kommunale bustader som kan nyttast i samband med å busetja flyktningar frå Ukraina.