Skulehelseteam

Skulehelseteam

Skulehelseteam er eit tverrfagleg fora i barne- og ungdomsskulen og har som målgruppa barn i alderen 6 til 16 år. Teamet drøftar problemstillingar som oppstår på skulen, i grupper og enkeltsaker. Alle profesjonane i teamet har ein rådgivande funksjon .Teamet tilbyr tverrfagleg rettleiing og fordeler ansvar og oppgåver.

Skulen eller føresette kan melde saker inn til teamet. I enkeltsaker skal det innhentast samtykke frå føresette. Føresette vel om dei vil delta eller ikkje. Saker kan også drøftast anonymt.

 

Målet med skulehelse team

Gjennom forpliktande tverrfagleg samarbeid skal ein kome fram til bistand og tiltak for å:

  • Fange opp og vurdere behov for innsats så tidleg som mogleg
  • Sørge for at barn, foreldre og barnehagemiljø får nødvendig hjelp og oppfølging
  • Finne riktige og heilskaplege sammensatte tiltak

Ansvar

Teamet driftast og leiast av rektor. Teamet skal fordele oppfølgingsansvar i møtet.

 

Profesjonssamansetning

  • Skule v/ rektor
  • Skule v/ ressursteam leiar
  • Skule v/ miljøterapeut
  • Helsesjukepleiar i skulehelsetenesta
  • Fysioterapeut for barn og unge
  • PPT
  • Barnevernstenesta

Ved behov/ aktuelle saker kan ergoterapeut, lege, logoped, anna pedagogisk personale eller flyktningetenesta kallast inn. Dersom det er tenleg og ynskje kan elevar også væra med.

 

Møteplan

Det skal væra regelmessige møter, 6 per år.

Artikkelliste

Til toppen