Koordinerande eining (KE)

Koordinerande eining er ei tverrfagleg samansett faggruppe som skal sikre din rett til koordinator, barnekoordinator og individuell plan. Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottar hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig. 

Koordinerande eining er eit kontaktpunkt for samarbeid internt og eksternt. Eininga skal gi informasjon til brukarar og pasientar som har behov for  sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering. 

 

Kva tilbyr me? 

 

Koordinerande eining skal: 

  • Ta imot og svare på spørsmål relatert til kva tenester du kan få i det offentlege hjelpeapparatet. 
  • Ta imot og behandla søknad frå deg som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator.  
  • Ta imot og behandle søknadar frå samarbeidspartar, internt og eksternt, som er i kontakt med personar som har behov for koordinator/ individuell plan eller barnekoordinator 
  • Vera ein pådrivar og eit kontaktpunkt for samarbeid eksternt og internt på tvers av fagområde og nivå 
    (for eksempel med spesialisthelsetenester, og mellom ulike tenester i eigen kommune). 
  • Ha det overordna ansvaret for arbeid med individuell plan og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar og barnekoordinatorar. 
  • Bidra til å sikra heilskaplege tilbod til pasientar og brukarar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering eller rehabilitering. 

 

 Lovheimel og regelverk 

 

Koordinerande eining er ei lovpålagt oppgåve: 

 

 

Kontaktinformasjon

Ynskjer du kontakt med koordinerande eining? Ring Ulvik omsorgstun - tlf. 56 52 70 80.

 

Meir informasjon

Du finn meir og utfyllande informasjon om KE på Helsedirektoratet sine heimesider

Til toppen