Miljøterapeut

Miljøterapeut er eit tilbod til deg som har eit problematisk forhold til rusmidlar, og /eller har psykiske utfordringar. Det er eit lågterskel kommunalt tilbod, og du får oppfølging som er tilpassa deg og dine behov. Miljøterapeutane kan hjelpa deg med praktiske gjeremål, samt fungera som ei støtte og motivasjon i kvardagen

Miljøterapeutane arbeider m.a med å etablera to forskjellige lågterskel tilbod:

  • Dagtilbod

Me planlegg eit dagtilbod for innbyggjarar som slit med rus og/eller har psykiske utfordringar. Lokale er endå noko uavklart, men planen er at dette skal vere ein plass der ein kan komma og vere sosial med andre. Me ynskjer også å kunne tilby forskjellige aktivitetar. Kanskje me kan reise på nokon utfluktar? Om du har tankar og innspel, så vert me veldig glade for tilbakemeldingar på kvaslags tilbod ein ynskjer seg!

  • Turgruppe

Turgruppa skal vere ein motivasjon for fleire å komme seg ut i frisk luft. Saman kan me motivera kvarandre til fysisk aktivitet og ein betre kvardag! Det blir turar på eit nivå dei aller fleste skal kunne meistra.

Anne Hjortland
Miljøterapeut
E-post
Mobil 41 86 69 63
Katrina Kvåle Hellesnes
Miljøterapeut
E-post
Mobil 41 86 69 61
Til toppen