Å få barn er ei stor omvelting og det er til tider lett å føle seg sosialt isolert. Alle nybakte foreldre får informasjon om barseltreff når helsesjukepleiar er på heimebesøk.
Barseltreffa er organisert slik at helsesjukepleiar deltek på nokre av treffa med ulike tema som amming, mental helse, motorisk utvikling og førstehjelp til spedbarn. Me har også besøk av fysioterapeut, logoped, kommunepsykolog, tannpleiar og lege. Det vert også lagt opp til besøk på biblioteket.
Oversikt over datoar med tema får ein tilsendt av helsesjukepleiar på mail. Barseltreffet er ope for mor, far og barn frå dei er født og fram til barnehagestart.
Barseltreff er stengt i vekene 25-34 og på heilagdagar.
Ta kontakt med helsestasjon dersom oss har spørsmål.
Kontaktinformasjon
Gunnlaug Lekve
Helsesjukepleiar
Telefon: 40 00 71 43
E-post: gunnlaug.lekve@ulvik.kommune.no
Åshild Lekve Eide
Helsesjukepleiar
E-post: ashild.l.eide@ulvik.kommune.no
Telefon: 40 00 71 24