Om kommunepsykolog i Ulvik

Føremålet med psykologkompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er å bidra til å styrkja det samla og tverrfaglege kommunale tilbodet innan psykisk helse – og rusfeltet. 

Det gjeld helsefremjande og forebyggjande arbeid, tidleg intervensjon og behandling av psykiske problem og/eller rusmiddelproblem for menneske alle aldersgrupper.
 

Tilbod

I tillegg til å arbeida med kompetanseheving, veileiing, system- og planarbeid tilbyr kommunepsykolog individuelle samtalar. 
Tilbodet er kortvarig, og inneber hjelp til meistring av milde-moderate psykiske problem. 
Tilbodet kan innebera samarbeid med andre hjelpeinstansar, og råd og veileiing for vegen vidare etter samtalane. 

Tilbodet er gratis 

Ta kontakt med fastlege for henvising.

Visste du at det finst mange ulike lavterskel samtaletilbod for mange ulike problemstillingar? På denne heimesida finn de ei samla oversikt: 

Hjelpetelefonar og nettstadar - Rådet for psykisk helse

Slit du med angst, stress, depresjon, søvnvanskar, eller treng hjelp til å få til ei endring i livet? Då kan desse verktøya vera nyttig for deg:

 Verktøy - tenester.helsenorge.no

Dersom du har akutt behov for psykisk helsehjelp, ta kontakt med fastlege eller legevakt. Ved livstruande tilstandar, ring 113. 
 

Til toppen