Sosiale tenester og NAV

Dersom du treng tenester frå NAV, kontaktar du oss slik:  www.nav.no – ope heile døgeret.

Hausten 2024 blir søknader om sosialhjelp handsama av sakshandsamar på Voss. Me oppmodar til å nytte dei digitale løysingane på NAV.no for å  søke om stønad eller levere inn dokumentasjon.

Dersom du treng hjelp til å komme i kontakt med NAV kan du ta kontakt med tenestetorget innanfor opningstidene der, eller ta kontakt med NAV kontaktsenter.

(ope 08.00-15.30)

55 55 33 33 – spørsmål om dei fleste ytingar

55 55 33 36 – telefon for arbeidsgjevarar

55 55 33 34 – spørsmål om pensjon

Dersom du allereie har rettleiar hjå NAV Ulvik, kontaktar du vedkomande digitalt i din aktivitetsplan ved behov.

Bustøtte

Bustøtte ei ei ordning for deg som har låge inntekter og høge butgifter.

Du kan lese meir om ordninga her: legg inn link Bostøtte - Husbanken

Ynskjer du ein avtale om rettleiing rundt bustøtteordninga kan du ta kontakt med tenestetorget eller fylle ut Meldeskjema om behov for økonomisk rettleiing og bustøtteordning. (PDF, 128 kB) Søknadsskjema merkast med «NAV» og leverast til tenestetorget.

Økonomisk rådgjeving

Slit du med gjeld du ikkje klarar å håndtere? Hopar det seg opp med rekningar og kreditt du ikkje klarar å dekke med inntektene dine? 
Kommunen tilbyr råd og veiledning i slike saker, og har ordningar for å bistå deg med dette. Ynskjer du ein samtale om din gjeld og dine økonomiske vanskar kan du ta kontakt med tenestetorget eller fylle ut ein Meldeskjema om behov for økonomisk rettleiing og bustøtteordning. (PDF, 128 kB) Søknadsskjema merkast med «NAV» og leverast til tenestetorget.

Spør NAV om råd: Ring 55 55 33 39 for økonomi- og gjeldsrådgjeving.

Nyttige lenkar:
Økonomisk sosialhjelp - nav.no

Til toppen