Unni Solem
Kommuneoverlege
Er utdanna i Bergen, har arbeidd i Ulvik sidan 1987. Godkjent spesialist i allmennmedisin i 2000. Ho er også spesialist i Samfunnsmedisin. Frå 01.09.2023 går ho ned i 50% stilling og har då kun administrativt arbeid, m.a med rettleiing av dei nye legane.
Marie Francoise Bullita
Fastlege
Er italiensk med legeutdanninga frå Sardinia. Ho har 2-3 års erfaring med indremedisin i Tyskland. Norsk autorisasjon frå 2018. Ho starta spesialisering i allmennmedisin då ho tok til i jobben som fastlege i Ulvik 18.06.2018.
Har ansvar som sjukeheimslege. Pasientkonsultasjonar 3-4 dagar per veke.
Amandus Ibsen-Børnick
Fastlege
Er utdanna i Bergen. Starta som fastlege i Ulvik 01.09.2023 og er i spesialisering i allmennmedisin.
Han er i farspermisjon frå nov 2024 til 1.mars 2025. Vikar for han er Signe Lussand Selheim fram til nyttår, ny vikar i januar og februar.
LIS1-lege
(tidlegare turnuslege), lege i opplæringsstilling. Vi får ny lege kvart halvår, 1.september og 1.mars.
Medhjelparar ved legekontoret:
Ingvild Breien Sygnestveit
Helsesekretær
Ho er utdanna helse- og omsorgsarbeidar.
Siri Håheim
Sjukepleiar
Ho har spesialisering i psykisk helsearbeid.
Minna Øydvin
Sjukepleiar
Ho er sjukepleiar ved legekontoret. Har tilleggsutdanning i tverrfagleg rehabilitering.
Gry Andersen Vikør
Sjukepleiar
med spesialisering i lungesjukepleie.
Helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
Helsesjukepleiar kallar inn barn og unge til konsultasjonar, samtalar, oppfølging og vaksinasjon. Innkalling via HelseNorge for barn i alderen 0-12, ellers via SMS. Telefon 40 00 71 24 eller 40007143. Om du ikkje får svar, ring legekontoret 56 52 70 40.
Åshild Lekve Eide
Helsesjukepleiar
Tilgjengeleg måndag- fredag. Tilstades på skulen tysdag, onsdag og fredag. Arbeidar i helsestasjon for ungdom kvar onsdag 14.30-15.30.
Tlf: 40 00 71 24 eller via HelseNorge.
Er i foreldrepermisjon til 1.mars 2025. Vikar er Amalie Fretheim. Tlf 41866980 eller via HelseNorge. Tilgjengeleg måndag-torsdag, fredag heimekontor.
Liv Ystanes
Kommunejordmor
Arbeidar ved fødeavdelinga Voss sjukehus, og har 10% stilling som kommunejordmor i Ulvik. For avtale, ring legekontoret 56527040.