Smittevern

Kommuneoverlegen er smittevernansvarleg lege, med kommunelege 2 som stadfortredar.

Ta kontakt for behandling og rettleiing ved mistanke om smittsam sjukdom.
Kommunehelsetenesta har også mange oppgåver innan førebygging og smittevern.

Tuberkulosekontroll etter regelverk frå 2009. Dei mest aktuelle gruppene som skal testa seg for smitte, er asylsøkjarar/flyktningar, innvandrarar (også familieinnvandring) og arbeidssøkjarar frå land med høg risiko for tuberkulosesmitte.
Land med høg risiko

Info på engelsk til aktuelle grupper arbeidsinnvandrarar finn du her:

Foreigner working in Norway 2022 (DOC, 27 kB)

 

Du som jobbar innanfor helse eller med barn og unge, og som har opphalde deg meir enn 3 mnd i land med høg forekomst av tuberkulose,skal gjennom screening.

Har du iløpet av dei siste tre åra opphalde deg i minst tre månadar i fylgjande land?:

Land med høg og særleg høg forekomst av tuberkulose - FHI

Dersom du svarar JA skal du tuberkuloseundersøkjast før du byrjar i arbeid hos oss. Du kan ikkje tiltre arbeidet før resultatet av røntgenundersøkinga ligg føre. Undersøkinga kan du få utført ved å ta kontakt med kommunelegekontoret.

Helseskjema tuberkulosesmitte (PDF, 104 kB)

 

Tlf 56527040 eller e-post til unni.solem@ulvik.kommune.no

Til toppen