Korttidsopphald kan tildelast for rehabilitering, observasjon og medisinsk vurdering som ikkje krev sjukehusinnlegging. Opphald kan forlengast til potensialet vert vurdert som nådd.
Kvifor?
- Tenesta skal nyttast for å utgreia tenestemottakaren si evne til eigenomsorg, og for å vurdera behov for framtidige tenester/tenestenivå.
- Tenesta vert nytta i ein avgrensa periode for tenestemottakarar som på grunn av sjukdom/endring i funksjonsnivå treng omfattande tilsyn og hjelp.
- Brukar opprettheld og/eller trenar opp funksjonar.
- Medisinsk utgreiing og/eller behandling.
- Rehabilitering.
- Førebyggjing og lindring av fysiske og psykiske symptom.
Kriterium for tildeling
- Pasientar som for ein tidsavgrensa periode treng døgnkontinuerleg observasjon, vurdering, pleie, behandling, tilsyn og/eller opptrening/rehabilitering, eller omsorg ved livets slutt. Det vil alltid verta vurdert om naudsynt helsehjelp kan bli gjeven på ein fagleg forsvarlig måte i heimen. Ved behov for observasjon og vurdering må det først avklarast om behovet er av ein slik art at naudsynt helsehjelp må ytast av spesialisthelsetenesta.
- Brukarar som har ein kronisk sjukdom med dødeleg utgang, og har behov for eit kortare/lengre opphald i samband med:
- Observasjon og vurdering av medisinsk behandling.
- Observasjon og oppfølging av palliativ (lindrande) behandling.
- Eige ynskje om å avslutta livet på sjukeheim.
Lovgrunnlag
Korttidsopphald i institusjon er lovpålagt med heimel i Helse- og omsorgs-tenesteloven § 3-2 punkt 6, bokstav c.
Kva må du gjera?
- Søk via søknadsskjema her. (PDF, 115 kB)
- Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og ev. ved klage.
- Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket.
- Den enkelte brukar utfører det han/ho meistrar sjølv.
- Ta ansvar for verdisaker som tvert tekne med til institusjonen.
- Sørgje for at private klede er merka.
- Sørgje for transport og betaling til og frå institusjonen.
Kva koster det?
Vederlag for opphaldet vert krevd ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 11-2.
Slik søker du:
- Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester (PDF, 115 kB)
- Beskriv behovet ditt for hjelp
- Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post ev. levèr i postkassa ved Omsorgstunet
Betaling etter satsar fastsett i forskrift.
Prisar
Sørviserklæring (PDF, 16 kB) (PDF, 91 kB)
Publisert 07.06.2021 11.15
Sist endra 12.10.2021 12.29