Langtidsplass

Langtidsopphald på sjukeheim er ei heildøgns buform for personar som har trong for omfattande og tverrfagleg pleie, og som er heilt avhengige av praktisk og personleg hjelp for å klara daglege gjeremål. Opphaldet skal dekkje behovet for heildøgns pleie og omsorg, og er i nokre tilfelle ei permanent løysing fram til livets slutt.

Kriterium for tildeling

Grundig kartlegging og vurdering må utførast for å koma fram til om langtidsopphald er riktig omsorgsnivå for den enkelte. Føresetnader:

  • Alle andre alternative tenester er vorte vurdert og/eller prøvd utan noko særleg effekt.
  • Brukar med somatisk helsesvikt og/eller demensdiagnose, som har behov for omfattande medisinsk behandling som ikkje kan ytast i heimen.
  • Brukar med omfattande døgnkontinuerlig behov for pleie og omsorg, som ikkje kan oppfyllast tilstrekkeleg i eigen heim eller annan tilpassa bustad.
  • Brukar som er varig ute av stand til å ta vare på eiga helse og meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap.

Lovgrunnlag

Langtidsopphald i sjukeheim er heimla i Helse- og omsorgstenesteloven §3-2 punkt 6, bokstav c.

 

Kva får du?

Tenesta vert tildelt for ein lengre periode eller som eit opphald livet ut.

  • Medisinsk behandling og pleie ved sjukdom.
  • Medisinsk behandling, pleie og tilsyn som ikkje krev sjukehusinnlegging.
  • Etterbehandling frå sjukehus.
  • Brukarane får individuell pleie, behandling, tilsyn og rettleiing, der målet er at dei skal greie seg mest mogeleg sjølv.
  • Vurdering av tilstand og funksjonsnivå med tanke på behandling, tiltak og framtidige omsorgsbehov.
  • All pleie og omsorg vert gitt i samarbeid med autorisert helsepersonell.
  • Legemiddelhandtering vert utført av autorisert helsepersonell etter instruks frå lege.
  • Tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen.
  • Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester, skal få tilbod om å få utarbeidd ein individuell plan jf. Lov om pasientrettigheter § 2-5, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 7-1.
  • Fri transport til behandling hjå spesialisthelsetenesta.
  • Fri tannbehandling ved offentleg tannklinikk.
  • Pleie og omsorg ved livets slutt.

Kva må du gjera?

  • Søkja tildelingskontoret om langtidsopphald på sjukeheim.
  • Gje naudsynt informasjon ihht. ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 11-2.
  • Gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket, tenesteskildringa og orienteringa om vederlag for opphaldet.
  • Ta kontakt ved behov for informasjon, råd, rettleiing og evt klage.
  • Den einskilde brukar utfører sjølv det ho/han meistrar.
  • Ha forståing for at vedtaket kan endrast ved endring av funksjon.
  • Brukaren er ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som vert tekne med til institusjon.
  • Syte for at kleda er merka med namn.

Kva koster det?

Som hovudregel må du betala 75 prosent av grunnbeløpet i folketrygden. For den delen av inntekta di som overstig grunnbeløpet, må du betala 85 prosent. Har du ektefelle eller anna heimebuande familie, skal dei sikrast eit rimeleg økonomisk grunnlag.

Du startar å betala ein månad etter at du har flytta inn. Om du har hatt korttidsopphald  i institusjon over 60 døgn i løpet av inneverande år, må du betala frå første dag.

Kor mykje du skal betala avheng av din økonomi. Heradet hentar inn inntekts- og skatteopplysningar frå NAV og Skatteetaten, men du må sjølv opplysa om inntekt som ikkje kjem fram på skattemeldinga - til dømes inntekt/pensjon frå utlandet.

Vederlag for opphaldet vert kravd inn med heimel i ”Forskrift for vederlag for opphald i institusjon”, jf. Helse- og omsorgstenesteloven § 11-2.

 

Slik søkjer du:

Last ned søknadsskjema om helse- og omsorgstjenester (PDF, 115 kB)

  1. Beskriv behovet ditt for hjelp
    Send inn søknadsskjema til tildelingskontoret i vanleg post.

Sørviserklæring (PDF, 11 kB) (PDF, 91 kB)

Til toppen