Kjøkentenesta på Ulvik omsorgstun

Ulvik Omsorgstun har stort fokus på riktig ernæring og eit godt miljø rundt måltidene. Me har eige kjøkken som lagar tradisjonsrik og god mat. Me har også ei kantine der pårørande er velkomne til å kjøpe seg mat.

På avdelingane har me eigne avdelingskjøken som tilbereder nokre av måltida, i hovudsak frukost og kveldsmat. Ein kan velje om ein vil sitje inne på kjøkkenet/stova og ete, eller om ein vil ha maten på rommet. Dersom du ynskjer det, kan du også ete i kantina. Me tilpassar oss dine vanar og ynskjer.
 

Rettleiiande måltidsrytme: Frukost Kl 09.00 Lunsj Kl 12.30 Middag Kl 15.30 Kveldsmat Kl 18.30 Ein kan få tilbod om seinkvelds rundt kl 21 – 22 dersom ein ynskjer det.

Mellom måltida kan ein servere forfriskingar som frukt, kjeks og drikke til.

Til toppen