Kommunalt hjelpemiddellager

Ulvik herad har eit hjelpemiddellager, som er på Ulvik Omsorgstun. Hjelpemiddellageret har eit avgrensa utval av hjelpemidlar, som det er mogleg å låna ved kortvarig behov. Dei mest vanlege hjelpemidla ved kortvarig behov er: krykker, rullator, manuell rullestol, arbeidsstol, seng, dusj - og toalettstol. Dersom behovet for hjelpemiddelet blir varig, vil ein få hjelp til å søka varig utlån frå NAV hjelpemiddelsentral.

Det blir oppfordra til å henta hjelpemiddel sjølv ved lokalt hjelpemiddellager, men dersom ein ikkje har moglegheit til det kan ein få hjelpemidla levert heim.

Hjelpemidla er ikkje spesielt tilpassa, men skal dekka generelle behov. Hjelpemiddel kan lånast i inntil 3 månader og utlånet er gratis.

Hjelpemiddel som finst i vanleg handel, t.d. hos apotek eller helsebutikkar må dekkast av den enkelte (gripetang, stømpepåtrekkar, støttehåndtak m.m).

Ta kontakt med Ulvik Omsorgstun 56 52 70 80 eller ergoterapeut Aina Samnøy 40007191 for å avtale utlån av hjelpemiddel.

 

 

Til toppen