Tørn - Saman om framtidas helse og omsorg

Tørn prosjekt

I perioden frå september 2023 og ut 2024 er Omsorgstunet i Ulvik ein del av KS sin femte pilot i satsinga Tørn. I Tørn prosjektet lærer me metodikken tenestestyrt bemanningsplanlegging  som vil hjelpa oss med den nødvendige omstillinga for å møte framtida og dagens utfordringar i pleie- og omsorgstenestene våre.

 

Med ein aukande del eldre i befolkninga, og ein mangel på tilgjengeleg helsefagleg kompetanse, står me ovanfor store utfordringar med å møte etterspørselen etter helsetenester i framtida. Me kan allereie sjå at utfordringane har starta i Ulvik.

 I Tørn undersøker me korleis me kan forbedra organisera og fordele oppgåver mellom ulike faggrupper, samt implementere nye turnusløysningar for dei tilsette ved Omsorgstunet. I Tørn ligg fokus på tre sentrale områder for å oppnå dette:

  1. Effektiv fordeling av arbeidsoppgaver
  2. Organisering av arbeidstida som gjev kontinuitet i tenestene døgnet og året rundt
  3. Kompetanseheving blant personalet

 

Målet med prosjektet er å setje i gang arbeidstidsordningar og oppgåvetildeling som fremmer trivsel, reduserer belastning, skaper forutsigbarheit og er økonomisk berekraftige, til det beste for brukarane, og medarbeidarane som arbeider i tenestene.

 

Organisering

Ein partssamansett prosjektgruppe er satt ned, og arbeider aktivt med utviklingsarbeidet. Prosjektgruppa deltar på felles samlingar med KS og får rettleiing i prosjektperioden. I løpet av prosjektperioden skal det gjennomførast 6 dagssamlingar, i tillegg til fleire Workshops og rettleiingsmøter med KS. KS dekker frikjøp av 20 % stilling som prosjektleiar.

 

Arbeidsgruppe

Prosjektgruppa er ein partssammensatt gruppe med både leiarar og tillitsvalte,

  • Prosjektleiar  
  • Leiar Ulvik Omsorgstun
  • Avdelingssjukepleiar heimebaserte tenester
  • Hovudtillitsvalt NSF
  • Hovudtillitsvalt Fagforbundet/Fellestillitsvalt for LO
  • Tillitsvalt Delta
  • Plasstillitsvalt Fagforbundet

 

Styringsgruppe

Prosjektet er forankra i leiinga i Ulvik herad, og leiargruppa til kommunedirektøren er nedsett som styringsgruppe.

 

Kva er TØRN?

Tørn-prosjektet er i regi av KS, og gjer forsøk med organisering av oppgåvene i kommunane sine omsorgstenester. Det handlar om å skape gode brukaropplevingar gjennom riktig kompetanse til riktig tid – og med heiltidskultur i botn.

Les meir om TØRN

 

Kontaktperson: 

Kari Pettersborg
Leiar Ulvik Omsorgstun
Telefon:  40007151
E-post: kari.pettersborg@ulvik.kommune.no

Artikkelliste

Til toppen