Cittaslow-sertifiserte bedrifter

Haugesenteret

Haugesenteret er landets einaste reine poesimuseum, oppretta i 2014 som del av Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Museet forskar på og formidlar diktinga til Olav H. Hauge, norsk lyrikk og nynorsk litteratur og språk.  Ved museet kan besøkande bli betre kjend med Hauges livshistorie og poetiske verk, og oppleva lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser.  Haugesenteret er ein avdeling i Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Haugesenteret byd på eit breitt kulturprogram gjennom heile året. Annakvart år i september arrangerer museet den tradisjonsrike Poesifestivalen, der ein får oppleva lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik. Poesifestivalen utmerkjer seg ved å setja lyrikken i sentrum med Olav H. Hauge si dikting som utgangspunkt. Festivalen byd på eit lyrisk mangfald og tek pulsen på samtidspoesien.

 

Kàdn & Alde

Drivar Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen

Kádn & Alde er eit handverksbakeri i den ombygde gamle grindløa på tunet på Syse. Du finn bakriet i Apalvegen, mellom dei tre gardane på Frukt- og Siderruta. Bakeriet er tufta på reine naturlege råvarer, og bakar brød der råvarene er økologisk mjøl, samt tid og omsorg for eit ekte handverk. Bakeriet sin filosofi grunnar i at ekte brød er godt for deg, for lokalsamfunnet og for planeten vår. Alle brød og søte kveitekaker frå Syse er laga på norsk økologisk mjøl frå Holli Mølle. Då bakeriet opna i 2017 hadde Ulvik vore utan bakeri sidnn midt på 90-talet. Alle bygder og byar med det gode liv i fokus bør ha ein bakar å besøkja, seier bakerieigarane Frode og Jorid. Kàdn & Alde leverer brød til Brakanes hotel gjennom heile sommarsesongen.

 

Haukeland data og boligbyte

Drivar Arne Haukeland  

Arne og Bjørg har drive med bustadbyte i Ulvik i over 20 år. Bustadbyte er eit godt og også rimeleg alternativ for dei som vil ha tradisjonelle utalandsferiar på hotel. Trenden med bustadbyte har vore aukande dei siste åra, og fleire og fleire nordmenn likar å feriera på denne måten med å byta hus med nokon ein heilt anna stad i verda. Eit viktige stikkord for bustadbyte er tillit til at gjesten som bu hjå deg har same respekt for ditt hus som du har for deira. Arne er også mananger i Homelink Skadinavia som er ein av dei leiande nettsidene for bustadbyte i Noreg. Her i landet har dei 350 medlemmer som kan byta bustad med totalt 13 000 medlemmer på verdsbasis.

 

Ljono stauder

Drivar Guro Ljone

Øvst i bygda ligg staudegartneriet Ljono stauder. Gartneriet på Ljono dreg nytte av eit godt vekstklima her inst i Hardanger, og produserer eit breidt sortiment med hardføre stauder som høver for anlegg. Ljono stauder har mange års erfaring med staudeproduksjon til anlegg, noko som gjer dei spærskild gode på å tilby eit godt eigna sortiment for norsk klima. Sidan starten har produksjon av norske villflorastauder vore ein del av drifta. Med gode frøkjelder tilbyr dei villflorastauder med opphav frå ulike deler av landet. 

Ljono stauder vart etablert i 1992 av Torunn. Etter 30 års drift var det i 2022 eit generasjonsskifte og dottera Guro driv no gartneriet vidare.

 

Undeland Gard

Drivar Katinka Kilian og Grzegorz Kramar

Undeland Gard driv produksjon av økologiske gardsblomar, ureiste og usprøyta frå ein doggfrisk åker på 2,5 mål med utsyn over Ulvik. Blomane frå Undeland skil seg ut med sit naturlege og bonderomantiske preg, og ved å vera heilt giftfrie. Drivarane Katinka og Grzegorz er både dyktige gartnarar og kreative blomsterdekoratørar. Med eit ulendt vestlandsterreng og små teigar er det naudsynt med manuelt arbeid i det meste av produksjonen, noko som også skånar jordsmonnet og jordlivet. Undeland Gard leverer blomar til alle typar arrangement og anledningar i Hardanger, Voss og Bergen. Undeland held også ulike kurs på garden gjennom sesongen, og tek imot grupper for eit meir skreddarsydd opplegg.

 

Hardanger produksjonsskule

Hardanger produksjonsskule starta opp i august 2018 som eit nasjonalt pilotprosjekt finansiert av fylkeskommunen og staten ved kunnskapsdepartementet. Hardanger produksjonsskule har fire ulike verkstader med reell produksjon, som leverer varer og tenestar til eksterne kundar. Verkstadane er Natur og miljø, Mekanisk verkstad, Kreativ verkstad og Digital verkstad.

 

Produksjonsskulen ligg vakkert plassert på det som tidligare var Hjeltnes vidaregåande skule. Det er 14 årsverk ved skulen og plass til 40 ungdommar med eit kontinuerleg inntak heile året.  Ungdommane kan vere på skulen i inntil 1 år med mogleik til å søkje om 6 månader utviding dersom føremålsteneleg.

 

Fagskulen Vestland

Fagskulen Vestland avdeling Hjeltnes tilbyr fagskuleutdanning innan lokalt matkultur, pommelier, frukt og bær og aborist.

 

Lokal matkultur er for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien. Kjerna i utdanninga byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Studentane får ei opplæring med fokus på lokal matkultur, med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet.

 

Pommelier

Stadig fleire lagar – og kjøper – norsk sider. No har sidernæringa stort behov for fagfolk som kan jobbe med skildring, klassifisering og bruk av sider. I siderbygda Ulvik kan du no ta utdanninga som er siderens versjon av sommelier: pommelier.

 

Frukt og bær

I fruktnæringa er og most og sider viktige produksjonar og er tatt med som ein av tre fordjupingsemne  i denne utdanninga. Det er viktig at studiet er relevant for den enkelte student, derfor er tilbodet bygget opp av valbare emne.

 

Aborist

Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg. Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig.

 

Brakanes Hotel
Hotellet har historie attende til 1860 og er medlem av De Historiske som er ei samling av Noregs mest sjarmerande hotell og etestader. Hotellet har 143 rom og ligg vakkert til ved fjordkanten i Ulvik. På hotellet kan du ta morgonbadet i innandørs basseng eller lauga deg i stamp og badstove ute på bryggekanten. I restaurant Draumen og ute i den frodige hagen får du servert gode smakar frå lokale og regionale produsentar, og eit rikhaldig utval av saft og sider. Hotellet husar mange små og store arrangement og er ein viktig møtestad i bygda. Hotellet har også ei stor konferanseavdeling der dei i storsalen kan husa 300 møtedeltakarar, i tillegg til mindre møterom og grupperom.

 

Turistkontoret / Handelslaget
I det gamle handelslaget i Ulvik finn du eit turistkontor som ikkje er av den heilt tradisjonelle sorten. Her byd dei på meir enn gode reiseråd, kart og brosjyrar. I lokala finn du eit stort utval av lokalt handverk med alt frå saueskinn, naturfotografi, heimefarga garn, vevde dukar, hudpleieprodukt og morosame koseleiker til borna. Glasblåsar Silje Syse held også til her, og er du heldig får du sjå ho i aksjon i verkstaden.
Ein begeistra journalist frå VG var innom for nokre år tilbake, og i avisomtalen lurte han på om ikkje dette kunne vera landets beste turistkontor?

 

Hardanger Guesthouse
Like utanfor sentrum av Ulvik finn du det tradisjonelle, kvite trehuset som i 1974 vart omgjort frå aldersheim til overnattingsstad for turistar på besøk til Ulvik. Bygget husar 18 rom, felles opphaldsrom, frukostsal og ein hage med sitjegrupper og trampoline til borna. Kryssar du vegen kjem du til Ulvik Camping der området strekkjer seg ned til grillhytta ved fjorden der du kan bada, fiska og ha piknik med familien.

 

Floke Frisør

Drivar Ina Hakestad 
Midt i sentrum av bygda finn du Floke som er sertifisert grøn salong. Det er den mest seriøse og anerkjende allergi-og miljømerkinga i Skandinavia. I salongen til Ina får du kvalitet, velvære og ro. Ho drøymde om å verta sirkusartist og astronaut, men er i dag utdanna makeup-artist, frisør, brynsstylist og gartnar. Heime stylar ho frukttrea på garden, men i salongen byd ho på styling av langt, kort og krøllete hår og er det sjølvsagte valet for brura på den store dagen.

 

Hjørnevik vedlikehald og service

Drivar Ole Johnny Hjørnevik 
Ole Johnny er bygda sin handyman med peiling på det meste. Han utfører tenester i Hardanger, Voss og omegn, og har spesialisert seg på varmepumper. I tillegg utfører han tenester innan oppussing og rehabilitering, i tillegg til vaktmeistertenester som spyling av takrenner, låsskifte, montering av møblar og mykje, mykje meir. Visjonen er å ha eit godt og allsidig tilbod til private, verksemder og kommunar, og yta god service og eit godt produkt.

 

Strand Fjordhotel
Hotellet er eit koseleg familiedrive hotel som ligg kloss i fjorden like utanfor sentrum av Ulvik. Herifrå har du berre ein kort spasertur til den fyrste av gardane langs Frukt-og Siderruta. Det vesle hotellet har om lag 50 rom fordelt på hovedbygget og motellet på oppsida av vegen. På den store uteterassen har du vakker utsikt til fjord og fjell og du kan få servert både norske og belgiske rettar og drikke.

 

Hardanger Basecamp
I den vesle bygdegrenda Osa, om lag 1 mil frå Ulvik, er du omgitt av bratte fjell og utsikt mot Osafjorden. Eit opphald i basecampen byr på ei autentisk og unik «attende til naturen»-oppleving». Her bur du enkelt men på ekte glamping vis i yurtar, med handlaga møblar og dyreskinn og der frukostpannekakebuffet er inkludert i prisen.

 

Restauranten, Hotel Finse 1222
Hotellet har ei spektakulær beliggenheit mellom majestetiske Hardangerjøkulen og Hallingskarvet. Hotellet tilbyr eit mangfald av aktivitetar i høgfjellet og ein fyrsteklasse restaurant med innhaldsrik frukostbuffet, smakfulle lunsjar og gourmetmiddag med ny 3-rettars meny kvar dag. Matleveransane kjem med toget som stoppar like utanfor, og består av gode råvarer frå både aust og vest for Finse stasjon.

 

 

Til toppen