Digitale tenester

Biblioteket tilbyr fleire digitale tenester. Du har tilgang til e-bøker, film, historiske og fleirspråklege aviser og tidsskrift. Tilgang til digitale ressurser får du på biblioteket og heime ifrå, når du logger deg inn med din brukar. 

 

BookBites

Gjennom BookBites får du tilgang på digitale bøker og lydbøker, som du kan lese og høyre på kor som helst. Du må berre laste ned appen og opprette brukar med ditt nasjonale lånenummer.

Filmoteket

Filmoteket er bibliotekets eigen strømmeteneste for film og serier. Her kan du logge inn med ditt nasjonale lånenummer og sjå opp til fire filmer i månaden. 

Filmbib

På Filmbib kan du strømme norsk kort- og dokumentarfilm, ved å logge deg inn med lånenummer og tilhøyrande pin-kode. Ta kontakt med biblioteket om du manglar kort eller pinkode.

Flipp

På biblioteket får du tilgang til Flipp, som er ein app der du kan lese 90 ukeblader og magasiner frå Norge, Danmark og Sverige. Her finn du alt frå Donald, til Vi menn, Bonytt og Hjemmet. 

Pressreader

Gjennom Pressreader kan du lese meir enn 7500 aviser og tidsskrift frå heile verda, på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. Du får tilgång til appen på biblioteket. 

Nasjonalbiblioteket nb.no

På nb.no får du tilgang til materiale Nasjonalbiblioteket har digitalisert. Her kan du lese digitaliserte bøker, tidsskrift aviser og bilete. Det meste ligg åpent tilgjengeleg, men det er også mogleg å få “utvida tilgang” til materia som berre er tilgjengeleg for forskning.

 

Til toppen