Filosofi på biblioteket er eit tilbod for deg som er interessert i filosofi og spørsmål omkring livets mysterium. Me inviterer til innleiing og samtale om ulike filosofiske temaer. Det er ingen krav om å ha studert filosofi eller ha forkunnskap om temaene som blir tatt opp, alt du treng er lysten til å undra deg over Livet.
Thomasevangeliet
Onsdag 13. mars kl. 19 er det klart for ny filosofi-samling på biblioteket. Temaet er Thomasevangeliet, ein samling utsagn frå Jesus skal vere nedskriven av apostelen Thomas.
Evangeliet reknast som eit apokryft skrift og er ikkje ein del av Det nye testamentet eller kyrkjeleg tradisjon. Skriftet blei oppdaga i koptisk omsetjing som ein del av eit sensasjonelt arkeologisk funn i 1945 i Egypt, og blei seld på svartebørs før det enda opp på museum og vart tilgjengeleg for forsking.
Enkelte forskarar hevdar at evangeliet er eldre enn dei som finst i Det nye testamentet. Det gir eit nytt og fascinerande bilete av Jesu lære og den tidlege kristendomen. Me les korte utdrag og samtalar om innhaldet i teksten.
Publisert 27.02.2023 18.01
Sist endra 01.03.2024 15.31