Allmugeskulen i Ulvik vert til
Noreg fekk si fyrste skulelov i 1739 – Forordning om Skolerne paa Landet i Norge. Denne lova slo fast prinsippet om at alle born på landet skulle gå på skule. Sjølv om gjennomføringa av alle føresegnene i lova gjekk seint, førte lova til etablering av allmugeskular på landet i heile Noreg.
I Ulvik vart ordninga med allmugeskule etablert i 1743. No skulle i prinsippet alle born i Ulvik ha eit skuletilbod. Vi må likevel ikkje gløyma at det òg var skilnadar mellom folk i Ulvik. Det fanst bønder som kunna senda borna sine til klokkaren, der dei mot betaling lærte seg å lesa og skriva. For mange andre born vart det like fullt etableringa av allmugeskulen som opna vegen til lesekunne. Den fyrste skuleordninga i Ulvik var i stor grad retta mot borna til allmugen, altså vanlege bønder og husmenn. Reglane for skuledrifta vart staka ut i den sokalla Skulefundas for Graven prestegjeld. Når vi les fundasen, ser vi at det var ungdomen frå allmugen ein hadde i tankane då regelverket vart utforma.
Fundasen for Graven prestegjeld frå 1743 femna om tre sokner: Granvin, Eidfjord og Ulvik. I denne var finansieringa av skulen eit viktig tema. Borna som kom frå fattige kår, skulle få sleppa å betala skuleavgifta, som var ei av fleire finansieringskjelder som måtte på plass for å dekkja løn til skulehaldaren og kost til borna. Vi veit ikkje nøyaktig korleis fordelinga av born frå fattige og meir velståande familiar var i UIvik. Men i og med at det står i skulefundasen for Graven prestegjeld at dei foreldra som ved eiga eller andre si hjelp kunne læra dei å lesa, slapp å senda borna i skulen, var nok omgangsskulen i UIvik i stor grad ein fattigskule for allmugeborna.
Dei fattigaste borna var dei som vaks opp på ein husmannsplass, eller dei som hadde mista faren eller mora. Allmugeskulen var òg innretta slik at han fanga opp dei særleg utsette fattigborna, med eigne reglar for skuleavgifta. Mellom anna var skulekassa i Ulvik òg ei fattigkasse, og vart i tida som fylgde kalla “fattigskulekassen”. Då fattiglova av 1755 vart vedteken, vart igjen skulekassa og fattigkassa skilde frå kvarandre. I praksis kom ikkje skulen i Ulvik i gang før i 1748, mellom anna på grunn av at finansieringa av skulen og lønene til lærarar mangla. Biskop Pontoppidan mista då tolmodet og tvang presten Paul Schnabel til å realisera planane.
For bygdesamfunn som Ulvik innebar dei nye forordningane og fundasane ei stor endring av dei små samfunna. Kva borna skulle gjera og kva dei skulle læra vart no eit tema som både stat og kyrkje hadde sterke meiningar om. Alle måtte no ordna seg etter ein ny type institusjon i soknene, altså eit organisert skuletilbod – og påbod – som ikkje hadde vore der før. Fram til etableringa av allmugeskulen var det kyrkja, rettsvesenet eller lensmannen, og skatteinnkrevjinga som hadde utgjort kontakten med staten og kyrkja som landsdekkjande institusjon. Med andre ord: Sokneprest, fut, sorenskrivar og lensmann. I skulestyret hadde soknepresten og lensmannen sjølvsagde plassar. I tillegg sat det som regel fem lokale, høgt respekterte menn i styret. Det lokale heradsstyret hadde ikkje så mykje makt i skulestyret før den nye folkeskulelova kom i 1889. Dei folkevalde i heradet fekk då 10 plassar, men framleis var soknepresten eit sjølvsagt medlem – fram til kring 1910. Det lokale sjølvstyret var jamvel styrka med ordføraren, og ein representant for lærarane sat òg i skulestyret.
Ei anna stor endring som kom med innføringa av allmugeskulen i 1743, var at skulen i større grad vart noko anna enn kyrkja, sjølv om innhaldet i undervisinga i mange år var forkynnande. For borna som gjekk på omgangsskulen, var det ikkje lenger klokkaren eller presten som lærte dei å lesa. No var det ein skulehaldar. Skulehaldaren var ikkje direkte knytt til kyrkja, men ein tilsett lærar som reiste frå gard til gard. I tillegg vart det sett av tid til å gå på skule. Heilt i byrjinga var det berre fem veker, men dette vart snøgt utvida til 12 veker. Ordninga innebar at borna vart samla på éin gard berre for å gå på skule. Fagleg sett var omgangsskulen høvesvis enkel, og fyrst og fremst retta inn mot lesing. Å læra å skriva var det enno ikkje snakk om. Skriving og rekning kom fyrst inn som fag ved neste skulereform i 1827, sjølv om skulen heller ikkje då hadde plikt til å gje undervising i desse faga. Skiljet mellom kyrkje og skule vart like fullt skarpare dess lenger ein fylgjer utviklinga frå 1700-talet og utover på 1800-tallet.
Skule og konfirmasjon
Det er fleire grunnar til at skulereformane vart sette i gang i Noreg og kom til bygdene tidleg på 1700-talet. Ei av drivkreftene i etableringa av eit landsdekkjande regelverk for skulegang, var pietismen. Denne var ei sterk vekkingsrørsle som kring 1730 breidde seg frå Tyskland til Danmark, og vidare derfrå til Noreg. Pietismen prega store delar av kyrkja og kristenlivet i Noreg mot midten av 1700-talet. Representantar for rørsla var mellom anna særleg opptekne av pedagogikk. At presten berre doserte over Luther si katekisme i kyrkja, var ikkje ein god pedagogikk etter deira syn. Ungdomane sjølve skulle læra seg å lesa si katekisme og bibelsoge, og kjenna trua innanfrå og i sine eigne liv. Den vesentlege skilnaden frå den lutherske reformasjonen som hadde prega kyrkja i tida etter 1537, var at pietismen la vekt på sann gudsfrykt og ekte religiøs oppleving. At enkeltindividet skulle evna å setja seg inn i kristendommen sitt bodskap, stod òg sterkt. Rørsla hadde i tillegg eit folkeleg preg; alle skulle ha god kristendomskunnskap.
Kong Christian VI var engasjert i pietismen og han som arbeidde for ein kommisjon som skulle førebu allmugeskular i Danmark-Noreg. Vekkingsrørsla var oppteken av å lyfta folkelivet moralsk og åndeleg, lesekunna var ein nykel, og det var konfirmasjonen som på mange måtar vart testen på om folkelivet hadde løfta seg. Konfirmasjonen vart innført i 1736. Dette var òg ei forordning som kom frå staten – Forordning, Angaaende den tilvoxende Ungdoms Confirmation og Bekreftælse udi deres Daabes Naade. Ifylgje denne måtte alle ha ei viss form for skulegang på førehand, i utgangspunktet eit slags kyrkjeleg førebuingskurs på tre månadar. Det var i denne samanhengen Erik Pontoppidans Sandhed til Gudfryktighed vart til, som ei felles lærebok for alle. Forordninga om allmugeskulane frå 1739 kom som ei styrking av denne elementærundervisinga knytt til konfirmasjonen. Skule og konfirmasjon kom slik til å henga tett saman i mange år framover. Konfirmasjonen var viktig for å verta akseptert som eit fullverdig medlem av kyrkjelyden og lokalsamfunnet. Og for å verta konfirmert, måtte ein kjenna til grunntekstane i den kristne trua. I praksis måtte ein altså som minimum kunna lesa for å passera eksaminasjonen.
Vi kan leggja merke til at skulereformane i stor grad kom ovanfrå. Skulefundasen var ikkje eit lokalt initiativ i Ulvik, men noko bygdefolket vart pålagt av stat og kyrkje. Dette gjaldt både forordninga som skulle gjelda på landet i heile Noreg og den lokale skulefundasen i Ulvik. Forordninga vart pålagd dei lokale prestegjelda og soknene, og det var sjølvaste biskop Bornemann som godkjende den lokale fundasen som vart utarbeidd for Ulvik. Fundasen som skulle gjelda for Gravens prestegjeld, vart skriven og vedteken av sokneprest Frørup, lensmann Anders Hansen og seks andre sokalla “dannemænd” – altså menn med status og som vart rekna som pålitelege til å skriva under på fundasen på vegner av heile prestegjeldet. Kva vanlege bønder og husmenn i Ulvik meinte om at borna deira måtte gå på skule, veit vi ikkje så mykje om. Men det som er sikkert, er at forordningar og fundasar påla allmugeborna å gå på skulen, samstundes som dei få som hadde råd til heimeundervising for ei stund, vart fritekne for denne plikta.
Omgangsskule og fastskule
Fyrst i løpet av 1800-talet vart det vanleg at borna gjekk på skule i eigne skulehus. Frå 1748 og fram til slutten av 1800-talet var det omgangsskular i Ulvik. Det vil seia at det var skule i visse periodar for ein krets av gardar, og at skulehaldaren flytta på seg frå krets til krets og frå gard til gard når undervisingsperioden var over. Skulehaldaren hadde skule i nokre veker kvart år for borna på garden der han budde og for borna på gardane i nærleiken. I periodane det var undervising i skulekretsen vart gjerne dei tømra stovene på gardane nytta som skulestove. Her var det varmt og plass, men det var ikkje eit føremålsbygd klasserom i den moderne tydinga av ordet. Gardmennene som hadde born på skulen, skulle ta imot omgangsskulen på garden, medan dei velståande bøndene som lærte opp borna heime, slapp fri frå dette. Husmennene tok ikkje imot omgangsskulen i sine heimar. Fram til eigne skulehus vart bygde, var det altså læraren som var den mobile. Seinare fekk lærarane ein eigen lærarbustad nær skulen og det var elevane som måtte reisa dit.
Den fyrste fastskulen i Ulvik vart bygd på Brakanes i 1860, og markerte byrjinga på slutten til omgangsskulevesenet i Ulvik. I Lov om Almueskolevæsenet paa Landet av 1860 – òg kalla Fastskoleloven vart det slege fast at det var fastskule som skulle vera den ordinære skuletypen i staden for omgangsskule. Ei av årsakene til dette var at skulekretsane vart større og dermed vart fleire born samla under same tak. Skulebygningar burde dessutan vera lyse og luftige, fordi dette vart sagt å vera til det beste for helsa og læringa til borna. Det gjekk like fullt mest 60 år til før det berre var fastskular i Ulvik. Dei siste skulekrinsane med omgangsskule i Ulvik var Osa, Bagnstrond og Vangsbygd. Her var det omgangsskule fram til 1905, 1910 og 1918. Fram til omgangsskulesystemet forsvann, fylgde altså skulegangen ein heilt annan rytme enn i dag. Ein gjekk på skulen i kortare periodar, og når borna ikkje gjekk på skule, tok dei som regel del i arbeidet på gardane i Ulvik.
By og land
I dag tenkjer vi gjerne på skulen som ein og same type institusjon – uavhengig av kor i landet han ligg. Dette synet på skulen er av nyare dato. Fram til om lag 100 år sidan var det å gå på skulen i byen og på landet heilt ulike ting. Fastskule og omgangsskule var dei to hovudformene for skule i Noreg på 1800-talet, noko som spegla det skarpe skiljet mellom by og land på denne tida. Fastskule var til å byrja med eit byfenomen. På landet var det omgangsskulane som var det mest vanlege fram til kring 1900. Før denne tida var det vanleg med ulike lovar for byane og bygdene, både når det gjaldt skule, men òg andre samfunnsområde som handel, næringsverksemd, husbygging og anna. For skulevesenet i byane var det ikkje eigne lovar før i 1848, medan det for skulevesenet på landet var eit eige lovverk allereie frå 1739. I byane var det jamvel utvikla eit mønster når det gjaldt systematisk opplæring av born. Dei fleste byane hadde latinskule og ein allmugeskule, men dette var ikkje eit lovkrav. Det vart arbeidd for forbetringar av allmugeskulen i byane, men det som fekk mest merksemd i andre halvdel av 1700-talet, var vidaregåande skular for borgarskapen, i form av allmenndannande realskular eller borgarskular.
Eit landsdekkande lovverk for skulane kom altså fyrst på plass for skulane på landet med Forordning om Skolerne paa Landet i Norge. Vi må leggja merke til at lova berre gjaldt på landet. Endå ein lov for skulane på landet vart vedteken på Stortinget – Lov angaaende Almueskolevæsenet på landet – i 1827, før noko skjedde med lovgjevinga om skulane i byane. Byane stod imot press frå staten om å oppretta skular, fordi dei meinte dei allereie hadde ordningar som var gode nok. Byskulelova – Lov angaaende Almueskolevæsenet i Kjøpstæderne – vart difor fyrst vedteken i 1848, og førte etter kvart med seg eit meir einsarta skulesystem også i byane. Fram til byskulelova kom, var skulegangen for borna i byane fragmentert, og truleg hadde allmugeborna i byane eit dårlegare skuletilbod enn allmugeborna på landet.
I Bergen – Ulvik sin næraste by på denne tida – var stands- og klasseskilja mellom borna store. Frå tidleg på 1700-talet var det katekismeopplæring i kyrkja for allmugeborna også i byane. Etter kvart kom sokneskulane. Desse var finansierte av kyrkja eller av stiftingar, og var i eigne skulehus. I Bergen hadde til dømes soknene kring Nykirken, Domkirken og Korskirken slike skular. Skulen knytt til Korskirkens sokn var Christi Krybbe som flytta inn i eige skulehus i 1740; eit skulehus som framleis står og er i drift som skule i Bergen den dag i dag. Skuledekninga for allmugen i byen var like fullt ganske lita, omkring 1800 reknar ein med at berre mellom 10 og 12 % av borna i Bergen hadde plass på sokneskulane. For borgarskapen sine born var tilbodet huslærarar, og særleg frå kring 1800 private borgarskular. Dette var større eller mindre betalingsskular. På 1820-talet var det om lag 35 slike skular; i 1850 om lag 50 betalingsskular. Byskulelova frå 1848 endra retninga på utviklinga ved at ho førte med seg etablering av ei rekkje allmugeskular i Bergen i faste skulehus i tiåra etter at lova vart vedteken.
For borna i bygder som Ulvik var det skuleplikt for alle mellom 7 og 12 år allereie frå 1743. Borna i byen hadde ikkje skuleplikt før i 1848. I Ulvik var det likevel praksis at ein med løyve frå presten kunne sleppa å senda borna sine på skulen. Dette tyder på at ikkje alle oppfatta skulen som eit gode. Dei som hadde litt meir pengar og sjølve kunne lesa og skriva, ville nok heller betala for opplæring av borna eller sjølve læra dei opp heime. Lærarane i omgangsskulane hadde ikkje alltid sjølve noko større utdanning. Då Lov angaaende Almueskolevæsenet paa landet kom i 1827, vart dette stramma inn. Skuleplikta vart meir reell for alle, og skulejournalane frå Ulvik frå denne tida tyder på at dei fleste borna no var elevar i omgangsskulen.
Den skarpe delinga av skuleordninga vi såg i Bergen, finn vi ikkje i skulen i Ulvik. I Ulvik var det per definisjon ingen borgarskap fordi borgarskap var noko ein kunne søkja om i byane viss ein dreiv innanfor ei borgarleg næring. Følgjeleg var det ikkje eigne skular for borgarskapen. Viss borna skulle gå på skulen, var det i allmugeskulen organisert av skulestyret i prestegjeldet. Dei aller fleste borna var anten frå gard, husmannsplass eller var strandsitjarar, men dei gjekk på same skule sjølv om det kunne vera skilnadar mellom dei. Skiljet gjekk fyrst og fremst mellom sjølveigande bønder og husmenn. Husmannsvesenet fekk si største utbreiing på midten av 1800-talet, noko som tyder at mange av dei om lag 200 skuleelevane på omgangsskulen på denne tida var born på husmannsplassane i Ulvik. Ved folketeljinga i 1865 var det 1433 busette i Ulvik sokn. Av desse budde 855 på eit sjølveigande gardsbruk, og 578 personar høyrde til ein husmannsplass. Like fullt femna altså omgangsskulen i Ulvik om begge kategoriane.
Lov om Almueskolevæsenet paa Landet av 1860
Vi skal fram til året 1860 for å sjå ei meir djuptgåande endring av skulane på landsbygda. Sjølv om utviklinga frå 1827 gjekk mot ein allmenndannande folkeskule, var det med landsfolkeskulelova av 1860 at ein fekk eit skulesystem som ville ha slutt på omgangsskular, der skulekrinsane skulle vera høveleg store, og at ein i tillegg til religionsundervisinga fekk skriving og rekning som obligatoriske fag. Alle born mellom 8 og 13 skulle gå på skule, den årlege skuletida skulle vera 12 veker for udelt skule og 9 veker for fleirdelt skule. Så langt det let seg gjera skulle lærarar ha seminar – eller lærarskuleutdanning. Innføringa av den nye ordninga gjekk smertefritt i Ulvik. Den tidlegare skepsisen somme kunne ha mot fastskulen fordi han batt opp tid med reise eller undervising som borna heller kunne nytta til arbeid på gardane, var no vekke.
To saker i skulestyret fekk jamvel merksemd av folket, og det var krinsinndelinga og skulehusbygginga. Krinsane og skulehusa handla om den praktiske skulekvardagen til borna. Kor skulle dei gå og kor langt skulle dei gå? Etter lovendringa i 1860 fekk Ulvik fylgjande skulekrinsar: Lekve, Bagne, Osa, Vangsbygd og Sponheim. I fyrste omgang vart det berre bygd skulehus i to av krinsane. På Sponheim og Lekve kunne born og lærarar ta i bruk skulehusa i 1863 og 1864. Her var det flest elevar i krinsane i Ulvik. Dei bygde skulehusa her etter retningsliner som fylgde fastskulelova, der ljostilhøva og kvaliteten på lufta skulle vera god. I praksis tydde det bygningar i éin etasje, med loft og enkelt saltak, og store vindauge. Romma var delte inn i ei skulestove, skulekammers og gang. Skulehuset på Sponheim vart flytta til Bagnstrond i 1907, og teken i bruk som fastskule der i 1910. Skulehuset er om lag 10 meter langt, har éin etasje, står på høg sokkel, og har eit enkelt saltak. Det står framleis i den veglause bygda på landstripa ned mot Bagnsfjorden.
Skuleplikt for alle
Dei nye folkeskulelovene av 1889 var neste store endringa i skulehistoria i Noreg. Til no hadde det vore ein “allmugeskule” retta mot borna på landet og ein byskule for byborna. No vart det snakk om ei og same ordning for skulane på landet og i byen. Folkeskulen var eit klart skritt i retning av ein einskapsskule, som i praksis vart realisert i løpet av 1930-talet. Då vart merksemda i skuledebattane verkeleg retta mot pedagogiske reformer og normalplanar, og det at skulen skulle vera ein del av den sosiale utjamningsprosessen. Dei viktigaste endringane her var demokratisering av styringa av skulane, og endringar av pedagogiske prinsipp. Fag som historie og geografi vart òg tenkte inn som ein del av nasjonsbygginga.
Dei lokale kommunestyra fekk hovudansvaret for skulane, stiftsdireksjonen skulle ikkje lenger ha makt over skulane. Denne var knytt til bispedøma og til fylket, men no vart kommunen det viktigaste forvaltingsnivået for skulane. Før var nemninga for den administrative leiinga for skulen “skulekommisjon”; no vart det “skulestyre” og formannen for styret skulle bli vald fritt. Det var ikkje lenger sjølvsagt at presten skulle leia den lokale skuleadministrasjonen, sjølv om han i Ulvik like fullt vart vald til formann i 1890. Sidan Ulvik sokn vart eige herad i 1891, fekk overføringa av makt over skulen frå fylket til kommune fyrst direkte lokal verknad frå dette året.
Pedagogisk og fagleg gjekk utviklinga no mot ei klar styrking av at folkeleg opplysning var skulen sitt hovudføremål, utan at kristendomsundervisinga forsvann av den grunn. Både dei gamle formalfaga (lesing, skriving, rekning) og orienteringsfaga (historie, geografi, naturfag) vart styrka. Folkeskulelovene gjorde òg sitt til at dei fleste skulane på landet gjekk frå å vera udelte til å verta delte. Ein skulle vekk frå skular der elevane i alle klassestega fekk undervising i samla klasse, til stegvis inndeling tilpassa elevane sin alder. Var det over 30 skulepliktige born i skulekrinsen, skulle det verta bygd fast skulehus eller leigast rom i eit høveleg hus. Inn i 1930-åra vart den pedagogiske reforma og einskapsskuletanken skjerpa ved at elevaktivitet vart idealet for undervisinga i skulen. Normalplanar vart utarbeidde av ansvarleg departement, der det vart gjeve meir detaljerte minstekrav for kva ein skulle arbeida med i kvart einskilt fag.
Skulekrinsane i Ulvik kring 1900
Framlegg til ein ny skule- og krinsskipnad i Ulvik kom i 1890. Ny krinsskipnad skulle leggja til rette for betre klasseinndelingar. I mange kommunar vart det strid kring ny skuleskipnad fordi krinsskipnaden påverka reisevegen til borna. I Ulvik vart det liten strid. Det var ingen grunn til å endra dei to hovudkrinsane Lekve og Sponheim, og krinsane Osa, Bagnstrond og Vangsbygd låg slik til at dei måtte ha eigen omgangsskule. Med tanke på deling vart det i Lekve firedelt skule for dei 110 borna. Sponheim krins med 63 born vart tredelt, medan Vangsbygd med 26 born vart todelt. Bagnstrond med 15 og Osa med 12 born skulle ha udelt skule som før.
I hovudkrinsane Lekve og Sponheim vart fastskulehusa reiste tidleg i 1860-åra, snøgt for småe til elevtalet og den stegvise inndelinga frå 1890. Men det var omgangsskulen i Osa som fyrst fekk nytt fast skulehus etter den nye skuleskipnaden i 1890. Skulehuset i Osa vart bygd i 1904. Dette var lite og med berre eitt rom, og i 1921 vart det bygd nytt skulehus attmed det gamle. Dette hadde to rom; eitt klasserom og eitt sløydrom. Begge desse skulehusa står framleis i Osa, innerst ved enden av Osafjorden. Krinsinndelinga fortel oss òg noko om kor det budde folk i heradet og kva som var dei viktigaste bygdene i Ulvik.
Krinsskipnaden i Ulvik vart justert igjen i 1907. Brakanes krins tok over ein del av Lekve og heile Sponheim. Skulen som no vart reist på Brakanes, var ein av dei største og finaste i Hordaland på denne tida. På gamle bilete kan ein sjå eit skulebygg i to etasjar: Høg kjellar og ein loftsetasje, eit høgreist tak med mønepynt, store vindauge, bogevindauge i kjellaren, og ein fasade med flott listverk, konsollar og panel. Skulen vart dessverre skoten i brann av tyskarane i 1940, og eit nytt skulehus for krinsen vart reist på Skeie i 1953. Det gamle skulehuset som stod på Brakanes til 1907, vart flytt til Bagnstrond og teke i bruk som fastskule der i 1910. Vangsbygd skule vart ferdigstilt i 1918, og dette var den siste krinsen med omgangsskule i Ulvik.
I tillegg til skulekrinsane nede ved fjorden, dreiv Ulvik herad frå 1909 Finse krins på høgfjellet etter at Bergensbanen vart opna same året. I og med at NSB la ei rekkje av høgfjellsfunksjonane og særleg snøryddinga til Bergensbanen på Finse, vert det snøgt danna ein ny tettstad i Ulvik herad. Med det vart det behov for ein ny skule. Skulen på Finse skilde seg ein god del frå dei “vanlege” bygdeskulane nede ved fjorden ved at han vart bygd på ein heilt ny plass i “Finsebyen” og i praksis var ein rein “jernbaneskule”. Alle borna som sokna til skulen hadde foreldre som arbeidde på jernbanen. Då skulen starta opp i 1909, var det med 12 elevar og Vebjørn Ohnstad som lærar. Utover 1920-talet svinga elevtalet mellom 20 og 25, og i motsetnad til det meir stabile bygdemiljøet, var det ein god del meir flytting til og frå Finse.
Mellom 1909 og 1915 leigde skulen lokale av NSB i eit rom i ein av tenestebustadane på Finse. Eit nytt og moderne hus med full kjellar, to etasjar og valmtak vart bygd ferdig i 1915. Denne bygningen var skulen på Finse fram til 1988. Då skulen var i drift, var det to klasserom i fyrste høgda, lærarbustad i andre høgda, og på loftet vart det seinare innreidd internatrom og familierom. Finse skule var eit framifrå bygg om lag 150 meter frå Finse stasjon, og står den dag i dag med fine granittmurar, gulmåla liggjande panel og skifertak.
Skulen vart frå 1920-talet òg nytta som samfunnshus. Her var jole- og 17. maifestar, i tillegg til skyttar- og skilagsfestar. Krinsen på Finse var frå starten oppteken av at tilhøva for skuleborna skulle vera best mogleg, og det vart ordna ein avtale med NSB om årlege tilskot til ekstra skulegang. På det meste fekk små- og storskulen tre veker kvar i tillegg til dei 12 vekene småskulane og dei 17 storskulane i utgangspunktet skulle ha. Eitt av dei spesielle trekka ved skulen på Finse var skuleskyssen. I og med at mange av borna budde på banevoktarbustadane attmed linja i Ulvik herad, reiste mange av elevane med toget til skulen. Somme måtte ha dresinskyss, og av og til vart snøscooter teken i bruk for å få borna til skulen.
Fagkrinsen og undervisinga fylgde frå 1911 den same oppbygginga som var i skulene i Ulvik elles. Dei hadde 10 timar norsk, 6 timar rekning, 6 timar religion, 2 timar historie, 2 timar naturfag, 2 timar geografi, 4 timar skriving, 2 timar teikning, og 2 timar song for veka. På Finse var det nokre timar meir teori enn på bygdeskulane i Ulvik, fordi Finse hadde nokre ekstra veker handarbeid og sløyd vår eller haust. Tilhøva for kroppsøving og heimkunnskap var ikkje like gode. Fyrst når eige samfunnshus på Finse vart bygd i 1958 rett attmed skulen, fekk skulen høvelege lokale for desse faga der.
Vidaregåande skular
Dei som ville gå vidare på den høgare skulen etter å ha fullført småskulen og storskulen, måtte som regel ut av bygda. Den nye skulelova frå 1889 endra ikkje berre på tilhøva i barneskulen; ungdomar kunne frå 1889 gå på ein praktisk retta framhaldsskule på Lekve. Her var Hans Lindebrække lærar. Han hadde allereie frå 1866 gått i gang med ein friskule for ungdomen i Ulvik. Frå 1887 vart denne dagskulen ein vidaregåande skule med 9 vekers undervisingstid, og i 1889 ein framhaldsskule med 12 vekers undervisningstid. Frå 1893 var framhaldsskulen på Brakanes, frå 1911 var det òg undervising på framhaldsskulenivå i Vangsbygd. Innhaldet i framhaldsskulane i Ulvik på denne tida var praktisk retta, med handarbeid og kjøkenstell for både gutar og jenter. Vebjørn Ohnstad som vi såg var lærar på Finse, kombinerte denne jobben med å vera framhaldsskulelærar på Brakanes.
Eit større sprang i utviklinga av skulegangen på vidaregåande nivå i Ulvik kom i løpet av 1930-åra. Med enno ei lovendring i 1935 om høgare allmennskular, vart realskulen innført som vidaregåande skuleform i heile landet. I Ulvik hadde det vore ein privatfinansiert realskule allereie i 1932, då Gjertrud Vallevik sette denne i gang. Frå 1946 fekk skulen eit kommunalt tilskot. I Ulvik hadde høgare skulegang vore eit spørsmål som var mykje oppe til debatt. Ein ny plan for framhaldsskulen vart lagd fram i 1939. Skilnaden mellom framhaldsskule og realskule var at realskulen var ein inngangsbillett til høgare utdanning og hadde høg prestisje.
Framhaldsskulen vart innført tidlegare enn realskulen – i 1880-åra – og var meir praktisk retta ekstra skulegang etter storskulen for dei som ikkje skulle halda fram med studiar i den høgare skulen. Framhaldsskulen var eit praktisk innretta skuleår etter storskulen, kombinert med teoretiske kunnskapar. Dei fleste realskulane var i byane, så for ei lita bygd som Ulvik var det ein stor føremon med eit slikt skuletilbod. Spørsmålet om Ulvik herad skulle overta realskulen dukka opp på 1950-talet, men dette vart ikkje ein realitet før i 1962. Ulvik kommunale realskule vart frå då av ein kommunal skule, med nemnde Gjertrud Vallevik som styrar. Seinare vart både framhaldsskulen og realskulen slått saman og avvikla. No kom ein niårig grunnskule, med ein treårig ungdomsskule som avslutting, slik vi kjenner det i dag. I Ulvik vart denne ordninga innført i 1967.
Den siste skulen vi må nemna i samband med skulehistoria i Ulvik, er Ulvik Fruktdyrkingsskule. Denne vart skipa på Hjeltnes i 1901. Fruktbygda Ulvik var eit sjølvsagt grunnlag for ein skule med fagleg spesialisering i fruktdyrking. Kunnskapar om fruktdyrking og hagebruk har tradisjonar i Ulvik tilbake til 1700-talet og Kristofer Sjurson Hjeltnes sine dagar. Vi kan jamvel seia at det med Hjeltnes si boksamling vart etablert eit nytt vitskapleg kunnskapsgrunnlag for fruktdyrking mot slutten av 1700-tallet. Etterkommaren Kr. F. Hjeltnes vart skulestyrar då skulen opna i 1901, og då var han ein privatskule med elevar både frå Ulvik og andre stadar. Hjeltnesgarden var dessutan det største bruket i Ulvik med jordvidd nok til å driva ulike produksjonar. Seinare måtte skulen utvida med plantefelt på nabogardane Viknes og Hakastad. Fleire fag kom etter kvart til på anlegget på Hjeltnes, og mellom anna vart husmorskulen lagd dit i 1909. Med tid og stunder tok staten over skuledrifta, og frå 1936 vart skulen Statens Hagebruksskule Hjeltnes.