Ei ny tid for dei unge
Kring 1900 var Ulvikbygda på veg ut av det gamle bondesamfunnet og på veg inn i det moderne. I skulesamanheng markerte folkeskulelova av 1889 og reformene i denne ei dreiing frå at skulen var eit supplement til oppdraginga av borna, mot ei heilskapleg allmenndanning av borna for deira eigen del. Andre endringar var at Ulvik hadde vorte eige herad i 1891, slik at det var heradet sjølv som hadde hovudansvaret for skulen, og frå 1907 var det ny krinsskipnad som teikna opp skulekartet i heradet på nytt. Lagslivet i Ulvikbygdene hadde teke seg opp. I skulehistorisk samanheng kan ein leggja merke til at ungdomslaget hadde blitt skipa i 1893. Det tyder på at dei eldste borna i skulen no meir vart rekna som ei eiga aldersgruppe, og at ein eigen ungdomskultur var i ferd med ta form. Samstundes var konfirmasjonsalderen rundt 14–15 år, og det var ikkje uvanleg å starta i arbeid og verta rekna som vaksen når ein vart konfirmert. Ein var ungdom tidlegare i livet og for ei kortare tid enn i dag.
Når ein tenkjer på organiseringa av tida ein nytta på skule, arbeid og fritid, var samansetninga framleis ganske ulik vår. Tek vi eit tilfeldig skuleår frå skuleprotokollane til Ulvik herad, til dømes 1907 då Brakanes skule var heilt ny, kan ein førestilla seg korleis rytmen i kvardagslivet for skuleborna skilde seg frå korleis skulekvardagen er i dag. Starta du i fyrste klasse på skulen i Ulvik i 1907, kunne du til dømes gå 12 veker på skulen dette året. Det vil seia at dei fleste av dei 40 resterande vekene i året innebar andre syslar for borna enn å gå på skulen. Lengden på skulegangen i grunnskulen var i og for seg ikkje så ulik slik ho er i dag; var du elev på til dømes Brakanes skule dette året, venta det sju års skulegang. Den samla skulegangen i løpet av dei sju åra var jamvel mykje mindre enn no. Dei fyrste tre skuleåra på småskulen var 12 veker, dei siste fire skuleåra på storskulen var 17 veker.
Årsrytmen for skuleåret skilde seg òg frå slik skulen er i dag. Ein kunne til dømes starta på skulen i fyrste avdeling i fyrste klasse på våren, og ikkje på hausten slik det er i dag. Eit kull på ti born som sokna til Lekve krins, starta til dømes på fastskulen på Lekve den 2. april 1907. Skuleåret var delt i vårsemester og haustsemester som no, men sumarferien var lengre. Siste skuledagen var i midten av juni, og fyrste skuledagen etter sumarferien var i siste veka i september eller fyrste veka i oktober.
Skule og arbeid
Opphaldet i skulegangen på sumaren var jamvel ikkje nokon ferie i vår tyding av ordet. Sumaren var den travlaste tida på året for dei som dreiv gard, og dei var det mange av i Ulvik. I 1891 var det kring 300 hushald i Ulvik herad, og av dei var det 150 sjølveigande gardbrukarhushald og 130 husmannshushald som leigde jord. Denne delinga endra seg lite fram mot 1907. Det vil seia at mest alle skuleborn i Ulvik høyrde til ein gard eller ein husmannsplass, der dei måtte hjelpa til med arbeidet når dei ikkje gjekk på skulen. Born som vaks opp kring førre hundreårsskiftet, hadde altså mange andre oppgåver i tillegg til å gå på skulen. Talet på dagar på skulen på denne tida var kring 20 i løpet av året i småskulen og kring 28 dagar i storskulen. I dag har skuleborn krav på minst 190 dagar undervising i året.
Den gong var det ikkje skule kvar mandag til fredag som i dag. Ei skuleveke på Brakanes hausten 1907 kunne vera organisert slik at ein gjekk på skule to dagar i veka. Til dømes gjekk Brita Lindebrekke, som var fødd 22. juni 1899, sitt fyrste år på skulen på Brakanes i 1907. For Brita var ei vanleg skuleveke at ho gjekk på skulen onsdagar og laurdagar. Dei som gjekk på Lekve skule hadde òg to skuledagar i veka. Anna R. Lekve var fødd 9. desember 1899. Ho starta på Lekve skule 2. april 1907, og gjekk så på skule tysdagar og fredagar heile april og mai, og to veker inn i juni då det var skuleferie frå 14. juni. Hausten fylgde same mønsteret med skule tysdagar og fredagar frå 11. september til 19. desember 1907. Året etter starta ho på same skulerytme kvar tysdag og fredag, men då frå og med 7. januar til 16. mars, fram til ho fullførte 1. klasse. Den 20. mars starta Anna R. Lekve i 2. klasse på Lekve skule, og heldt fram der med skule to dagar i veka.
Kva gjorde Brita og Anna og alle dei andre borna dei dagane dei ikkje gjekk på skulen? Vi har ikkje noko sikkert svar på dette, men frå folketeljingane i 1910 veit vi at Brita kom frå ein familie som var sjølveigande bønder på Lindebrekke, medan Anna kom frå ein husmannsfamilie som leigde plass på Nedre Lekve gard. Brita budde på Lindebrekke gard saman med mor og far, tre brør, ei tenestepike og farfaren sin, som var kårmann på garden. Anna budde saman med faren, mora, fire brør og ei syster. Brørne til Anna er førte opp som dagarbeidarar i folketeljinga, medan brørne til Brita er førte opp som gardbrukarsøner. Foreldra er tilsvarande førte opp som “husmand” og “husmandskone”, medan Brita sine foreldre er “gbr” (gardbrukar) og “gbr kone” (gardbrukarkone). Brita er sjølv ført opp som gardbrukardotter, medan Anna ikkje er ført opp med nokon tittel i det heile. Tida dei ikkje gjekk på skule, var dei truleg heime og hjelpte til, anten på garden eller på plassen. Men det var likevel skilnadar, fordi Brita hadde tenestepike i huset, medan Anna ikkje hadde anna hjelp på husmannsplassen der ho budde.
Skulekvardagen
For dei som gjekk på dei mindre omgangsskulane var rytmen annleis enn for dei som gjekk på Brakanes. Var du elev i Bagnstrond krins same året, var det òg skule 12 veker i året, men dei var konsentrerte kring bestemde periodar på våren og hausten. Til skilnad frå Anna og Brita som gjekk på Lekve og Brakanes fastskule, gjekk til dømes Endre Olsson Bagne saman med 16 andre born på omgangsskule på fire ulike gardar på Bagnstrond skuleåret 1907. Fyrst var dei på garden til gardbrukar Jon Bolstad frå 1. februar til 21. februar. Deretter var skulen hjå gardbrukar Jakob Håheim frå 19. mars til 13. april. Den tredje perioden frå 14. oktober til 23. november vart det halde skule hjå gardbrukar Lars Haaheim, og siste perioden var frå 29. november til 19. desember, også denne hjå Lars Haaheim. Ein annan skilnad var at omgangsskulen på Bagnstrond i 1907 var udelt, det vil seia at det var eit aldersspenn på borna frå ein som var fødd i 1892 til dei eldste som var fødde i 1899, altså elevar som i 1907 var frå 15 til 8 år. Endre Bagne var til dømes 15 år då han gjekk 2. avdeling, saman med Elisa Haaheim som var 8 år og gjekk 1. avdeling.
Vekslinga mellom skule, arbeid og fritid var altså ei heilt anna enn vår, men lengda på skuledagen dei hadde liknar på den vi har i dag. Ein vanleg skuledag i Ulvik i 1907 var frå kl. 9 til kl. 15. Dagen starta og slutta som regel med bøn eller salmesong. Fyrste time var bibelsoge, deretter var det katekismeforklaring, der læraren forklarte innhaldet i den kristne trua ut frå Luther si vesle katekisme. Etterpå var det verdslege fag; norsk munnleg eller lesing, noregshistorie, landkunne, rekning og skriving. I tillegg var det songundervising, mest gjennom salmesongar. I 1. klasse skulle songen vera til avveksling, men seinare skulle ein læra notar og øva på skalaer. Teikning, kroppsøving og handarbeid skulle ein ha frå 3. eller 4. klasse. Elevane fekk karakterar på ein skala frå 1 til 6 i alle fag frå og med 1. klasse. I tillegg gav læraren karakterar i flid og orden. På Brakanes skule og Lekve skule var det Helena Lindebrække som var lærar dette året. Ho var opphaveleg fødd i Fana i Bergen, gift med ordføraren Hans G. Lindebrække og budde på garden Nedre Hakastad. I Bagnstrond krins var det R. Fjørstad som var lærar dette året. Han leigde seg inn på garden til Anved Olsen Osa på Folkvang, og budde der saman med gardbrukaren sin familie. Frå ein elev sin ståstad var ein skuledag i 1907 kanskje mest ulik vår ved at han var ein del av ei organisering av tida og årssyklusen der det veksla meir mot aktivitetar uavhengig av skulen. Kanskje vi kan seia at det praktiske livet var tettare på borna då, enn no.