Lærarrolla på 1700-tallet
Oppfatninga av lærarrolla og kven som vart lærarar har endra seg mykje i tida etter at den fyrste omgangsskulen i Ulvik vart etablert i 1743. Den fyrste læraren tilsett etter at skulefundasen for Ulvik vart utarbeidd i 1743, var Ole Hydle. Ein skulefundas var ein plan for skuleordninga i prestegjelda, med reglar for når, kvar og kor lenge borna skulle få undervising, kven som skulle tilsetjast som skulehaldarar, kva løn læraren skulle ha osb. OIe Hydle vart vald ut som lærar av sokneprest Schnabel, og kom til Ulvik dette året for å setja skulefundasen ut i livet. Skulefundasen var felles for Ulvik prestegjeld, men det skulle vera ein skulehaldar for kvart sokn; Granvin, Ulvik og Eidfjord. I skulefundasen var det framlegg om kven som skulle tilsetjast som “omgaaende skoele-Mester” for Granvin, Ulvik og Eidfjord sokn.
For Ulvik var framlegget at Hydle skulle tilsetjast som omgangsskulelærar, fordi han saman med Trond Haugnes i Granvin og Niels Olsen Lekve i Eidfjord vart rekna som “skikkelige og velopplyste Dannemænd”. Ein “dannemann” var ei nemning som vart nytta om truverdige og aktverdige personar på denne tida. Den sokalla “Placat og nærmere anordning” frå 1741 var ei utdjuping av skuleforordninga frå 1739, og denne gav føringar for kva dei lokale skulefundasane skulle innehalda. I skulefundasen til Ulvik vart det vist til krava plakaten stilte til val av lærarar; dei skulle opphalde seg i bygda, vera vane med levemåtane og kosten på landet, kunna lesa og skriva, og ha eit “ustraffeligt Liv og Lefnet”. Med andre ord var det ikkje krav om noko formell utdanning, men ein måtte bli rekna som ein truverdig og aktverdig person. Schnabel tilsette Hydle som den fyrste faste omgangsskulelæraren i Ulvik. Vi veit ikkje så mykje om Hydle, anna enn at han var 52 år då han vart skulehaldar, og at han samstundes var gardbrukar på Hydle. Han hadde altså ikkje lærarstillinga som ei heiltidsstilling, men kombinerte denne med gardsdrift.
Den andre skulehaldaren i Ulvik var Torkjell Pålson Spånheim. Han tok over stillinga til Hydle i 1750. Han var den fyrste “seminaristen” i prestegjeldet. Det betydde at han hadde utdanning frå Seminarium Catheceticum ved Christi Krybbe skule i Bergen. Dette var eit lærarseminar med ei lengd på om lag eit halvt år. Her var det bondegutar som fekk undervising i å læra bort katekismen, i tillegg til i skriving og rekning. Seminaret var fyrst og fremst til for å utdanna lærarar til allmugeskulane på landet.
Lærarutdanninga
Torkjell Spånheim var dermed den fyrste læraren i Ulvik som hadde ei form for spesialisert utdanning. Utover på 1700-talet ser vi at det som regel var unge gutar som vart utvalde til skulehaldarar. Hydle var slik sett eit unntak med sine vel 50 år då han vart lærar. Spånheim var til dømes berre 17 år gamal då han var ferdig utdanna i Bergen og lærar i Ulvik, og dei som fylgde etter han var i 20-åra då dei vart omgangskulelærarar. Dei fleste av dei unge skulehaldarane vart ikkje verande lenge i stillingane sine når dei stifta familie. I tida etter Spånheim er det ei rekkje unge menn som var skulehaldarar i ein kort periode og etter kvart får seg arbeid utanfor skulen.
I tillegg til seminarutdanninga kunne lærarar få opplæring meir lokalt. Tidleg på 1800-talet veit vi i alle fall om at sokneprest Wolff i UIvik gav Torkjell Pålson Lekve lærarundervising. Lekve fekk elles òg undervising i språk og matematikk hjå skulemannen Christian Kølle, som busette seg i Ulvik i 1814. Lekve vart fyrst tilsett som hjelpelærar i 1813, og året etter som fast omgangsskulelærar. Å vera omgangskulelærar på landet på 1700-tallet og tidleg på 1800-talet var ikkje noko høgstatusyrke. Økonomisk var det heller ikkje noko gullgruve; fram til kring 1814 fekk ein 7 riksdalar for undervisinga som var 34 veker per år. Omgangskulelærarane hadde fri kost og losji hjå dei husbøndene som var skulevertar, noko som var bestemt i skulefundasen.
Prost Hertzberg var ordførar i Gravens skulekommisjon då det i 1816 kom ei ny skulelov for heile landet. Lova handla om skulelærarane si utdanning og løn. Etter denne hadde dei fire skulehaldarane i prestegjeldet naudsynt utdanning i lesing, katekismeforklaring, rekning og skriving. Innanfor dei intellektuelle miljøa i Noreg var det jamvel fleire som ivra for ei betre lærarutdanning, som dei meinte var nykelen til ein betre allmugeskule. Difor vart det no endringar i krava til utdanning, og etter kvart òg i synet på læraryrket. Lønene til lærarane i Ulvik vart òg betre etter denne reforma.
Pedagogikk og læremiddel – ABC og lesebok
Denne generasjonen lærarar var òg dei fyrste som nytta eigne ABC-ar og lesebøker for skulen, og dei underviste etter ein tidleg form for pedagogikk eller “klogskabsregler”, formulert av biskop Neumann i Bergen Stift i 1825. Ein av reglane var at læraren måtte vera førebudd på at borna var “uvidende, uopdragne, ja mangengang fordærvede og vanartige Børn!”. Biskop Neumann “visiterte” Ulvik i 1825, og årsaka var nettopp tilsyn av skulen. Etter biskop Erik Pontoppidan vart Neumann rekna som den mest skuleinteresserte bispen i stiftet. Vi kan difor rekna med at denne forma for pedagogikk i alle fall var kjend for skulehaldarane i distriktet, utan at vi kan seia nøyaktig korleis ho vart teken i bruk i omgangsskulane i Ulvik. Neumann sine “klogskabsregler” var dessutan ikkje berre strenge. Lærarar som var “ildestemt af ondt lune” var eit problem fordi dette braut ned borna si lærelyst. I tillegg burde læraren kjenna personlegdomen og familiebakgrunnen til kvar einskild elev, og han måtte sørgja for at foreldra respekterte og hadde tillit til han.
Dei nye lærarseminara i Noreg vart oppretta i 1820-åra. På mest same tida som lærarseminara vart oppretta, kom òg den nye allmugeskulelova i 1827. Denne lova la opp til at kvart seminar skulle dekkja eit heilt stift eller bispedøme. I 1827-lova vart òg nye fag som skriving og rekning innførte, men dei vart ikkje obligatoriske før i 1860. Undervisinga i skriving og lesing kunne vanskeleg realiserast før ein hadde utdanna seminaristar. I Ulvik kom like fullt undervising i skriving og rekning i gang allereie mot slutten av 1830-åra. Dette hende trass i at lærarseminaret på Stord ikkje vart skipa før i 1838, og det var dette som skulle dekkja utdanninga av lærarar i Ulvik. Sjølv om desse seminara framleis var retta mot kristendomskunnskap og formidling av denne, vart det òg formidla nye pedagogiske idear om korleis ein skulle undervisa. Dei som fylgde seminaret, gjekk der i to år, og fekk ei etter tida profesjonell lærarutdanning.
Ein av desse var omgangsskulelærar i Ulvik Ola O. Syse, som starta seminarutdanninga si i 1839. Han starta på det fyrste kullet studentar ved Stord lærarseminar. Av 20 studentar var ni frå Sunnhordland, tre frå Nordhordland, tre frå Sunnmøre, fire frå Fjordane og ein frå Hardanger – altså var Syse den fyrste frå Hardanger som fekk seminarutdanning på Stord. På Stord lærte Syse og dei andre om faga dei sjølve skulle undervisa i på omgangsskulen, i tillegg til praktisk dugleik til å undervisa. Lærarstudentane skulle i tillegg læra seg å leia songen i kyrkja. Lærarstudent Syse fylgde då undervising i truslære, bibellesing, bibel- og kyrkjesoge, lesing, grammatikk, skriving, rekning, song, musikk, historie, geografi, kateketikk (ein form for sokratisk utspørjingsteknikk ein nytta i religionsundervisinga), sjelelære, metodelære og praktisk undervisingarbeid.
Lærarrolla og synet på kva som var den beste pedagogikken, endra seg snøgt i dei neste tiåra. Etter at det på 1850-talet vart skipa lærarskule på Voss, fekk Ulvik også lærarar som var utdanna der, mellom andre Torbjørn Rikolson Hjelmevoll som var lærar i krinsane Bagnstrond, Osa og Vangsbygd. Folkeskulelova av 1860 stilte òg strengare krav til lærarutdanninga. Alle lærarar skulle ha anten seminar- eller lærarskuleutdanning så sant det var mogleg. No fekk lærarane òg betre lønsvilkår med minimumssatsar og tillegg for tenestetid, og i kvar skulekommune skulle ein av lærarane ha ein lærargard, altså eit hus med jord der læraren kunne driva med enkel matauk, dyrehald og kanskje fruktdyrking.
Kvinnelege lærarar
I skuledebatten i landet på 1850-talet var det sentrale stridsspørsmålet om allmugeskulen skulle leggja vekt på kristeleg eller borgarleg opplysning. Dei mest radikale i skuledebatten meinte ikkje berre at det var sjølvsagt at borgarleg opplysning skulle vera sentral i skulen, men stilte òg spørsmål ved religionsundervisninga si rolle i skulen i det heile. Kristendomsundervisinga høyrde ikkje heime i skulen, men i kyrkja, meinte 1800-talets kulturradikalarar. Den pedagogiske debatten gjekk etter kvart også føre seg i sjølvstendige faglege fora for lærarane. Folkedanning og idear om ein folkeskule vart debattert i eigne lærarforeiningar og skuleblad. Viss folkeskulen skulle vera ei førebuing til borgarsamfunnet, var det ikkje nok med ei generell utvikling av evnene gjennom lesing og skriving. Borna måtte få læra konkret kunnskapsstoff om historie, geografi, naturlære, lovgjeving og samfunnstilhøve. Læraren skulle ikkje berre venda seg mot forstanden til elevane, han måtte òg vekkja kjenslene og vilja deira.
I 1869 vart det nye lovendringar om kvalifikasjonskrava til lærarane. Kvinner fekk då lov til å undervisa lågare klassar i allmugeskulen og pikeklassar på alle trinn. Men det var seminarlova av 1890 som var den fyrste sjølvstendige lova om lærarutdanning. Med seminarlova skulle lærarstudentane fylgja eit toårig seminarkurs som førte fram til den sokalla “høgare lærarprøva”. Ikkje minst var det viktig at kurset skulle vera ope for både kvinner og menn. Med dette vart det lagt til rette for ei jamstilling av kvinnelege og mannlege lærarar, noko som hadde stor verknad for skulane på landet og rekrutteringa av lærarar til skulen der. I Ulvik hadde lærar Hans Lindebrække reist spørsmålet om å tilsetja lærarinner i småskulen allereie i 1874, fordi det var vanskeleg å skaffa lærar til omgangsskulen på Lekve og Sponheim. Den fyrste kvinnelege læraren i Ulvik var Marta Tveito, som vart tilsett i 1889. Ho vart etterfylgd av Helena Leivestad i 1893 og etter dette var det ikkje uvanleg med kvinnelege lærarar i Ulvik.
Ordensreglane i skulen i Ulvik kring 1900
I likskap med synet på læraren, har synet på tilhøvet mellom lærar og elev endra seg mykje opp gjennom tida. Ordensreglane i skulen i Ulvik kring 1900 sa at elevane skulle vera høviske og lydige mot lærarar og lærarinner. Ein måtte møta presis og ha reine klede på. Når skulen starta, skulle ein reisa seg og stå attmed pultane når læraren kom inn. På pulten skulle ein ikkje ha anna enn det ein brukte, og når skuledagen var omme skulle borna gå roleg tilbake til sine heimar. Ordensreglane sa òg at i timane skulle borna høyra etter og gjera det dei vart bedne om. Dei skulle svara høgt og tydeleg når læraren spurde. Vi skjønar av dette at dei pedagogiske prinsippa enkelt sagt var organisert kring læraren og fagstoffet, ikkje kring borna og deira naturlege utvikling slik det vart seinare med reformpedagogikken frå og med 1930-talet. Rolla til elevane var å sitja stille og ta imot kunnskap.
Kva oppfatning skuleborna sjølve hadde om si eiga rolle så langt tilbake i tida som 17- og 1800-talet, er det mest ingen kjelder om. Dei skriftlege kjeldene vi har om elevrolla på denne tida er, som vi har sett, skrivne av lærarar, embetsfolk eller pedagogar, og ikkje av elevane sjølve. Dei fyrste forteljingane samla inn frå elevar handlar om tida rett etter 1900. Ulike elevar hadde nok ulike opplevingar av å gå på skulen, og i tillegg var skular og lærarar ulike. Tidlegare elev ved Lekve skule, Ingebjørg Synnøve Lekve, fortel om tida mot andre verdskrigen at det var orden, men ingen kadaverdisiplin på skulen. Ho hugsar òg at det var plass for humor og fantasi. Når læraren fortalde frå soga eller landkunna, tok dei ungane med seg på lange reiser attende i tida og til framande land. Denne eleven seier også at songen var sjølve grunnfjellet i skulen. Ingen dag på skulen utan eit salmevers eller ein munter melodi.
Ein annan tidlegare elev på Brakanes, Sigrid Uppheim, fortel at dei gjekk på skulen annankvar dag. Dagen starta med song og bøn, og slutta på same måte. Dei reiste seg opp og stod attmed pultane når læraren kom inn. Ein tredje elev på Lekve fortel at lærarane ikkje var så nøye på ordensreglane, men at dei måtte oppføra seg fint. Det var heller ikkje nokon straff viss dei hadde gjort noko gale, men dei fekk heller tilsnakk. Ein fjerde elev fortel noko liknande, at dei hadde respekt for læraren, men at dei var snille med elevane.