Lesa for å tru
Til å byrja med var leseundervisinga i allmugeskulen ei førebuing til konfirmasjonen. Lesing for lesinga si skuld var det ikkje snakk om. Ho var snarare eit verktøy for religionsopplæringa enn ei grunnleggjande ferdigheit for å kunna tileigna seg bokleg kunnskap. Frå gamalt av var konfirmasjonen sjølve nykelen til dei vaksne sitt samfunn. Ingen kunne gå til alters, verta kyrkjeleg vigde eller stå fadder utan å vera konfirmert, og for å gjera det måtte ein kunna lesa frå skrifta. Lesinga var ein nykel til å setja seg inn i grunnane for trua og å vera ein fullverdig medlem av samfunnet.
I skulemeisterskrinet omgangskulelærarane hadde med seg rundt på gardane i Ulvik, var lesestoffet nytestamentet, Pontoppidan si forklaring, katekismar og andaktsbøker. Eigne lesebøker for bruk i leseundervisinga fanst ikkje. Ein måtte øva på lesinga ved hjelp av tekstar meint for forkynning, truvedkjenning eller bøn.
Vi veit lite om kva bøker skuleborn i Ulvik på 1700-talet og inn på 1800-talet hadde tilgang til heime. Truleg har det òg vore skilnadar mellom born av sjølveigande bønder og husmenn når det gjaldt bøker i heimen. Lesedugleiken til borna vart i alle høve vurdert på to måtar på skulen: Den eine var om ein kunna “lese i bog”, den andre var om ein hadde “lært udenad”. I den eldste bevarte skulejournalen frå Ulvik frå 1815 finst eit register over skuleborna og deira karakterar i dei to “faga” “læse i bog” og “lært udenad”. “Læse i bog“ var om borna kunne lesa høgt og uttala orda i ei bok utan å måtta stava fram orda. Bøkene som vart nytta til å læra dette, var mest alltid religiøse tekstar som omgangsskulelæraren hadde med seg.
“Lært udenad” var om borna kunne gje att særlege tekstpassasjar i religiøse tekstar, som regel katekismen og til dømes dei ti boda i denne. Munnleg attgjeving av ein tekst vart altså sett på som ein del av lesekunna, og i skulen vart det vurdert og skrive ned kva artiklar eller bod det enkelte barnet hadde lært seg. Tekstane for lesing utanåt og høgtlesing var for det meste kjende tekstar.
Lesa for å forstå
Sjølvstendig lesing av ukjende tekstar kom gradvis inn i leseundervisinga i Ulvik utover på 1800-talet. Den fyrste leseboka utan forkynnande tekstar var “Grøgaards lesebok”. Fyrste utgåva av denne boka kom i 1816 og ho vart nytta i leseundervising i heile landet. I 1832 kjøpte Graven (Granvin) skulestyre inn nytestamentet og Grøgaard-bøker til lesinga. 24 eksemplar av Grøgaard skulle delast mellom fattige born. I løpet av 1820- og 1830-talet hadde Grøgaard si bok vorte standard for leseundervisinga på allmugeskulane i heile landet. Dei største borna i skulen i UIvik las i tillegg høgt frå Pontoppidan si forklaring, katekismar eller andaktsbøker når det var skule hjå dei.
Rolla til læraren var å høyra at leksa var ramsa opp ordrett etter boka, men også katekisera for å sjå om borna skjønte det dei hadde lært, og forklara det som var vanskeleg. Forståing var no i ferd med å etablera seg som eit viktigare omgrep i lesepedagogikken i heile landet og i Ulvik. Framleis hadde bibelhistorier frå Det gamle og Det nye testamentet ein sentral plass i dei nye lesebøkene, men lesinga vart gradvis meir fristilt frå forkynnande tekstar utover på 1800-talet. Tittelen på 1836-utgåva av Grøgaards lesebok var “Læsebog for Børn – en Forberedelse til Religionsunderviisningen, især i Norges Omgangsskoledistrikter”.
Religionsundervisinga gav retninga for lesinga, men i tillegg til lesestykke i bibelhistoriene var det i denne boka komne inn reine språkøvingar. Ved å lesa og øva på likskapar og skilnader mellom bokstavar, ord og stavingar, skulle borna få ei betre forståing av språket og lesa betre. Ideen var at ein skulle byggja lesekunna stein for stein, frå bokstavforståing, gjennom stavingar, og til å kunna lesa og forstå heile setningar. Leseboka var dessutan skriven for borna. Det var dei som skulle lesa i boka; ikkje berre etterlikna kva dei vaksne las høgt for dei.
Grunngjevinga for leseopplæringa var òg i endring. Høgtlesinga og lesing utanåt vart med Grøgaard underordna. Lesinga skulle no rettast mot å læra borna å lese innanåt. Og for å kunna lesa godt innanåt, var det naudsynt å kunna stava godt og “reenlese”. Denne endringa slo òg inn i omgangsskulen i Ulvik. Frå 1839 vart borna i omgangsskulen i Ulvik ikkje berre vurderte i lesing utanåt, men òg i “reenlæsning”. I tillegg hadde skrivinga kome inn som eit eige tekstfag. Lesing utanåt var som før delt i tre; katekisme, bibelsoge og forklaring. På den andre sida var faga “reenlæsning” og staving. Ein skulle no ha god forståing av det ein las. Dette var grunnmuren all kunnskap skulle byggjast på, og det var ikkje noko poeng med lesing utanåt om ein ikkje fyrst meistra det å lesa innanåt.
Lesing og skriving som sjølvstendige fag
Kring 1840 kom skriving og lesing inn som fag i tillegg til leseopplæringa. Faga var ikkje obligatoriske før med ny skulelov i 1860, men i omgangsskulane i Ulvik var det undervisning i skriving og lesing i alle fall frå 1839. Frå skuleprotokollane for dette året veit vi at skriveferdigheitene til mange av borna var dårlege. Det var ikkje uvanleg at lesekunna var betre enn skrivekunna fordi lesing var noko borna med bøker heime kunne øva på der. Innføring av skriveundervising hjelpte nok på leseforståinga, men minst like viktig var at borna i større grad las tekstar dei ikkje kjende frå før og om ulike emne av både religiøs og verdsleg type.
Eit av dei mest tydelege uttrykka for denne endringa i lesekulturen i Ulvik var at skulen skifta lesebøker frå Grøgaard til P. A. Jensen si “Læsebog for folkeskolen og Folkehjemmet”, og at det vart skipa folkeboksamling i 1838. Jensen si lesebok vart utarbeidd i 1863 som eit svar på lovendringa i 1860, då Stortinget vedtok at jordbeskriving, naturkunnskap og historie skulle takast inn i tillegg til religiøse tekstar og litteratur frå Noreg og Norden. Folkedanningsidealet kom no inn for fullt, og peika framover mot folkeskulen. I Ulvik vart det kjøpt inn fleire sett av Jensen si lesebok til bruk i skulen allereie i 1863, same året som boka vart gjeven ut.
Ein verknad av dette var at borna fekk ein breiare krins av tema å lesa på og tekstar frå ulike sjangrar. Kring 1880 var både lesing av utvalde tekststader frå leseboka og staving sjølvstendige fag. Bibelsoge, katekisme og forklaring var framleis med, men lesinga vart no eit eige fag frikopla frå desse. Går vi fram til 1911, kjem det nye fag til i skulen og med dei fleire lesefag. I tillegg til religionsundervisinga og reiskapsfaga skriving, rekning og lesing, finn vi soge, landkunne og naturkunne på timeplanen. Det vil seia at lesinga får eit større bruksområde, og vert eit nykelfag til dei nye temafaga vi òg kjenner att i dag i form av samfunnsfag, historie og naturfag.
Riksmål og nynorsk
Tidleg på 1900-talet kom ei anna stor endring i lese- og språkkulturen i Ulvik med innføringa av landsmål eller nynorsk. Fram til kring 1906 hadde både lesinga og skrivinga på skulane i Ulvik vore på riksmål. Lesebøkene til både Grøgaard og Jensen var på riksmål, som mykje anna av undervisingsmateriellet. Vedtaket i skulestyret i 1906 gjekk ut på at landsmål skulle vera opplæringsmålet i alle krinsane, både for skriftleg arbeid og i lærebøkene. Finse skulekrins skilde seg likevel ut i desse spørsmåla. Då Bergensbana opna i 1909 måtte det også vera skule på Finse. Denne vart den nyaste av krinsane i Ulvik og der skulle opplæringsmålet vera riksmål. Men frå skuleåret 1953/54 fastsette skulestyret i Ulvik at opplæringsmålet skulle vera nynorsk også der. Det var med andre ord fyrst på 1900-talet at landsmål og seinare nynorsk (frå 1929) vart det vanlege lese- og skrivespråket på skulane i Ulvik.