Tema 5 – Folkeleg opplysning og leseselskap i Ulvik

Bøker og nyttige kunnskapar på 1700-talet
Ei av dei store kulturelle endringane på 1700-talet handla om overgangen frå den gamle kyrkjelege ortodoksien til ein meir individretta og folkeleg religiøs pietisme. Den protestantiske kyrkja hadde i dei fyrste hundreåra etter reformasjonen vikla seg inn i eit livsfjernt pedanteri, og med pietismen kom ei ny interesse for det praktiske liv, ein strengare moralsk livsførsel og det å skaffa seg nyttige kunnskapar.

Denne dreiinga mot eit meir sjølvstendig og opplyst levesett var ein av bakgrunnane for utviklinga av folkeskuleverket og interessa for lesekunne mellom allmugen. Viss ein kunne lesa, kunne ein sjølv setja seg inn i ny kunnskap utan å vera avhengig av autoritetane i kyrkja og samfunnet. Etableringa av dei fyrste boksamlingane og leseselskapa i Ulvik på 1700-talet kan sjåast i dette lyset. Desse boksamlingane var ikkje det same som dei offentlege folkeboksamlingane som kommunane var med å drifta, sidan dei berre var for dei som eigde samlingane sjølve. Boklesing, boksamling og kunnskap formidla gjennom det prenta ordet, var ein del av ei større kulturell og vitskapleg endring i Noreg på 1700-talet. Sjølv små og isolerte plassar som Ulvik kom no i kontakt med ein bokbasert europeisk opplysningskultur.

Mot slutten av 1700-talet kunne nok dei fleste vaksne i Ulvik lesa ei bok, men dei aller fleste vanlege bønder og husmenn hadde ikkje så mange bøker dei kunne praktisera lesekunsten sin på. Vi må tenkja oss at på 1700-talet og 1800-talet var det framleis ein relativt mediefattig kultur i Noreg. Samstundes fanst det bøker hjå allmugen. Dei fleste bøkene måtte kjøpast for pengar i Bergen, eller dei måtte førehandstingast frå forfattaren. Mange vart òg prenta i København og vidareformidla via Bergen. Allmugestanden var i randsona av pengeøkonomien på denne tida, og førehandstinging av bøker var mest for geistlege, embetsfolk og byborgararar. Det var også bokauksjonar i auksjonshus i byane eller på landet, til dømes på prestegardane. I perioden 1750 til 1814 var bokauksjonar ein av dei viktigaste marknadane for handel med bøker på landet, fordi det var lettare for bøndene å oppsøkja bokmarknadar i nære og kjende omgjevnadar.

“Det Hardangerske Læseselskab”
Etter 1814 auka bokhandelen i provinsen då fleire bokprentarar og forlag i Noreg vart etablerte, og privilegia på bokhandel fjerna. Før denne tida var det i hovudsak geistlege, embetsmenn og bondearistokratiet som fekk hausta av opplysningstida sine frukter. Boksamlingane som vart bygde opp på landet, til dømes i Ulvik, kunne òg nyttast av allmugen. Det fyrste leseselskapet og den fyrste boksamlinga i Ulvik vart til gjennom eit samarbeid mellom sokneprest Paul Schnabel i Ulvik, sonen hans Markus Schnabel, og bonden Kristofer Sjurson Hjeltnes frå garden Hjeltnes, på sørsida av Ulvikafjorden. I 1774 fekk Schnabel skipa “Det Hardangerske Læseselskab” der storparten av embetsmennene i Hardanger og fleire frå Sunnhordland var med. Det var ikkje mange bønder med, berre Kristofer Sjurson Hjeltnes. Leseselskapet virka som ein bokring. Dei var kring 30 medlemar, og kjøpte kvar si bok, som så gjekk på rundgang mellom medlemane.

Hjeltnes bygde seg opp eit godt privatbibliotek, samstundes som han donerte bøker eller pengar til kyrkja slik at dei kunne kjøpa inn bøker til utlån. Samlingsverksemda til Hjeltnes er eit godt døme på korleis bokleg kunnskap ikkje berre var for dei øvre sosiale laga i bygda, men også gjort tilgjengeleg for allmugen. Bøkene skulle stå i kyrkja og kvar og ein frå kyrkjelyden kunne låna dei mot at bøkene vart handsama skikkeleg og leverte attende utan skadar.

Hjeltnes var truleg òg med på skipinga av det neste leseselskapet i Hardanger: “De Hardangerske Bønders Læsse Selskab" i 1789. Kvifor dette selskapet vart oppretta, veit vi ikkje sikkert. Éin grunn kan vera at Hjeltnes var svært oppteken av å forbetra jordbruket og at bøker om korleis ein skulle gjera dette, hadde eit naturleg publikum mellom kunnskapsinteresserte bønder i Hardanger. Garden Hjeltnes var ein kulturell samlingsplass i Ulvik, mellom anna på grunn av boksamlinga. Leseselskapet hadde 35 medlemar, to av dei var kvinner. Den første lista til leseselskapet var på 33 bøker, 19 av dei var innanfor teologi, resten innanfor medisin, jus, landbruk og nokre om allmenndanning. 

Bøker og poteter
Hjeltnes si private boksamling var kring 1800 blitt ei betydeleg boksamling i Hardanger. Det fanst òg boksamlingar på andre gardar i Hardanger, som til dømes på Aga og på Skoro i Fyksesund, men samlinga til Hjeltnes var mellom dei større. I dag tel ho om lag 3000 bind. Han samla bøker om både religiøse og verdslege emne, i tråd med pietismen og ein tankegang frå opplysningstida om å vere sjølvhjelpen i livet. I boksamlinga var det bøker om landbruk, historie og geografi, i tillegg til religiøse og moralske emne. Bøkene var på norsk og dansk, men det var òg bøker på tysk. Boksamlinga vitnar om ein vestlandsbonde med eit vidt interessefelt, som stod i kontakt med det intellektuelle livet på kontinentet.

Den naturvitskaplege kunnskapen fekk ein interessant praktisk verknad i Ulvik: Hjeltnes var den fyrste bonden i Hardanger som la seg etter potetdyrking. Mykje av den teoretiske kunnskapen fekk han gjennom lesing, og gjennom korrespondanse med andre “potetprestar” og Det Danske Landhusholdningsselskab. Bøkene han hadde i samlinga var for det meste det vi i dag kallar fagbøker. Skjønnlitterære bøker hadde enno ikkje fått noko gjennombrot på same måten. Boksamlinga til Hjeltnes bar særleg preg av ei sterk interesse for nyttevekstar, jordbruk og fruktdyrking. Bøker og poteter var slik sett to sider av same sak i Ulvik.

Folkebiblioteket i Ulvik tek form
Det neste skrittet fram mot ei boksamling som var eit offentleg bibliotek gjekk via Selskabet til Norges Vel. I 1830 vart det blåse nytt liv i dette selskapet etter at det var svært aktivt i åra då Norge vart sjølvstendig. Den viktigaste oppgåva til selskapet var å fremja folkeopplysinga, og det beste middelet var å skipa allmugebibliotek. Biskop Neumann var ihuga talsmann for biblioteksaka, og sende rundskriv til prestane om å ta seg av denne saka i tråd med selskapet sine folkeopplysningsideal. I 1838 fekk heradsstyret i Granvin oversendt eit cirkulære frå prosten og soknepresten om skiping av allmugebibliotek.

Kunngjeringa gjekk ut på at herad kunne søkja om offentlege bidrag viss dei oppretta leseselskap eller allmugeboksamlingar. Med dette hadde staten for alvor meldt seg på i utbygginga av bibliotek på landsbygda, men utan dei lokale initiativa ville det ikkje skjedd særleg mykje. Her var Ulvik i særstilling sidan interessa for å byggja opp ei boksamling for allmenta var stor. Det var like fullt enno nokre år fram til eit folkebibliotek i moderne forstand, der staten eller kommunen tok det største økonomiske ansvaret.

Det fyrste som skjedde etter at heradsstyret las cirkulæret frå biskopen, var grunnlegginga av eit nytt leseselskap i soknet: “Ulvik Læseselskab”. Invitasjonen til leseselskapet var signert ordføraren, kaptein Nordby, lærar Torkjell Lekve og Gjert Lindebrekke. I 1839 tok leseselskapet over 25 bøker frå ei eldre samling. Dette var bøkene Kristoffer Sjurson Hjeltnes hadde samla inn til kyrkja nokre år før. I tillegg kjøpte selskapet inn 75 bøker for tilskotet soknet fekk frå staten. Den gamle private boksamlinga til Hjeltnes vart altså del av den nye samlinga, og no var det ei boksamling på kring 100 bøker av både fagleg og skjønnlitterær art. Mellom anna skal Florence Marryat sine fortellingar, Robinson Crusoe og Snorre Sturlason sine kongesagaer ha vore i litteraturtilbodet til leseselskapet.

På denne tida var boksamlinga å finna anten i kyrkja eller prestegarden. Noko eige bibliotekbygg var det enno ikkje snakk om. Gjert Lindebrekke og Lars Øydvin styrte utlånet i tida mellom 1839 og 1842, men den fyrste “forstandaren” var Elling Olson Hakestad. Han budde nærast kyrkja og prestegarden. Etter alt å døme var boksamlinga og leseselskapet berre for vaksne. Borna las anten på skulen eller – viss dei var heldige – i bøkene dei hadde heime.

Hjeltnes var ikkje den einaste frå Ulvik som bygde seg opp ei stor boksamling tidleg på 1800-talet. Torkjell Paalsøn Lekve kjenner vi som ein av dei dyktigaste omgangsskulelærarane i Ulvik. Han starta som hjelpelærar i Ulvik i 1812–1813, vart fast tilsett skulehaldar året etter, og arbeidde som lærar fram til han overtok garden etter far sin i 1826. Boksamlinga til Lekve syner kva eit privat bibliotek på landet i Hardanger kunne innehalda, og kva intellektuelle nettverk som fanst på ein liten plass som Ulvik. Samlinga inneheldt klassisk litteratur på latin, grammatikkar og ordbøker, bøker om teologi, matematikk og naturvitskap, i tillegg til fleire blanda verk. Lekve kunne sjølv tysk og latin, noko han hadde lært av sokneprest Wolff. I samlinga var det òg avskrifter etter lærebøker i forskjellige vitskapar.

Kølle-familien i Holmen
Undervisinga Lekve fekk, var i lag med dei tre døtrene til Christian Kølle. Det var med andre ord kontakt mellom Lekve-slekta og Kølle-familien i Holmen i Ulvik, som tidleg på 1800-talet vart eit kultursentrum i bygda. Då Christian Kølle døydde i 1814 var det dottera Catharine Kølle som vart bustyrar i Holmen. Ho vart seinare kjend som Noregs fyrste kvinnelege fotturist, fordi ho vandra i kring mellom anna i Danmark og heilt til Italia to gonger. Ikkje minst vart Catharine Kølle ein kjend akvarellmålar og vert no rekna som Noregs første kvinnelege målar. Ho skreiv òg reiseskildringar, som var naturleg å kombinera med landskapsmåleria. Kølle-familien var gjestmilde, og bygdefolket i Ulvik var velkomne som gjestar i Holmen. Det var særleg reiseskildringane til Catharine som trakk bygdefolket til Holmen.

Det intellektuelle livet og vilkåra for tilgang til bøker kom så inn i eit nytt spor i tida etter 1860. Det var tre allmugebibliotek i prestegjeldet i 1860-åra, eitt i kvart sokn. I 1858 søkte Ulvik leseselskap om at boksamlinga kom inn på “heradshuset” på Brakanes, og det var der samlinga vart til ei enkel form for allmugebibliotek. Ikkje lenge etter vart det på ny fart i bibliotek- og lesesaka. Frå 1876 kunne nemleg Stortinget løyva pengar til folkeboksamlingar eller allmugebibliotek.

I 1877 kom spørsmålet om folkeboksamling opp i heradsstyret i Graven (gml. kommunen), og soknestyret i UIvik vedtok å løyva 60 kr mot at staten løyvde den same summen. Men fordi departementet mellom anna sette som vilkår at soknepresten skulle vera medlem av bibliotekstyret og til og med formann der, vart løyvingane frå staten mindre attraktive. Soknestyret meinte at dette var eit problem fordi ei slik ordning kunne føra til eit einsidig utval av bøker. Vilkåra for statlege løyvingar til bibliotek vart endra i 1887, slik at òg heradsstyret kunne løyva pengar saman med staten. No skaut arbeidet med boksamlinga fart. Samlinga stod i heradshuset fram til 1912, då ho vart flytt til det nye ekspedisjonshuset. Dette og boksamlinga brann ned den 25. april 1940, då tyskarane bomba Ulvik.