Søknad om motorferdsel
Informasjon om reglar for motorferdsel i utmark
Motorferdsel i utmark er regulert ved lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselslova) med tilhøyrande forskrifter, der forskrifta for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag (FOR 1988-05-15 nr. 356) er den mest sentrale. Føremålet med lova er å regulerer motorferdsla med sikte på å verne om naturmiljøet og å fremme trivselen (rekreasjon og tradisjonelt friluftsliv).
all motorferdsel i utmark i utgangspunktet forbode (jf. § 3 i lova), men regelverket opnar likevel for motorferdsel til visse nytteføremål med direkte heimel i lovas § 4 eller § 2 og § 3 i forskrifta. I tillegg kan heradet gje løyve til ei rekkje føremål etter §§ 5 - 6 i same forskrift og etter § 6 i lova. Sist nemnde gjeld transport/landing med fly, helikopter, båt og liknande.
For transport/oppdrag utan direkte heimel i lov må ein alltid hente inn løyve frå heradet og frå aktuelle grunneigarar på førehand.
Motorferdsel i utmark med direkte heimel i lov
Naudsynt person- og godstransport i jord- og skogbruksnæring er eit av fleire nytteføremål, som lova opnar for (§ 4). Men regelverket er strengt i sin definisjon av næringsomgrepet, og opninga gjeld berre jord- og skogbruksverksemd av nærings messig betydning. Transport til og frå eit stølshus utan aktiv stølsdrift kan til dømes ikkje reknast som næringsverksemd. Transport i samband med fritidsopphald, vøling og anna vedlikehald på stølar utan drift krev særskilt løyve frå heradet.
Tilsyn med dyr på beite i utmark, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert heller ikkje rekna som næring etter definisjonen i lovas § 4, dette gjeld uansett om aktiviteten er inntektsbringande eller ikkje. (§ 2 i forskrifta opnar likevel for uttransport av felt hjort og elg med motorkøyretøy).
Merk også at veg i utmark, som ikkje er opparbeidd for køyring med vanleg personbil per definisjon er utmark etter lova. Det same er tilfellet for bilveg, som ikkje vert brøyt for køyring med vanleg bil om vinteren. Begge tilfelle er omfatta av motorferdselslova sine reglar for motorferdsel i utmark.
For all motorferdsel med direkte heimel i lov/forskrift må føraren av framkomstmiddelet sjølv kunne dokumentere/sannsynleggjere at transportføremålet er i samsvar med lova ved ein eventuell kontroll.
Heimelen til opparbeiding og preparering av skiløypar i forskrifta § 3 pkt. e) gjeld berre for kommunar, hjelpekorps, idrettslag, turlag og turistbedrifter. Slik verksemd bør dessutan kunne dokumenterast gjennom ei skriftleg avtale med grunneigaren.
Heradet kan sette vilkår for køyringa etter § 3 i forskrifta - fortrinnsvis gjennom lokal plan/forskrift.
Ålmente føresegner
På vinterføre skil forskrifta mellom «motorkøyretøy» og «snøskuter». ATV med belte er eit motorkøyretøy – dette er ikkje det same som snøskuter. ATV med belte kan ikkje nyttast på løyve som eksplisitt gjeld snøskuter. Kommunale løyve etter § 5 i forskrifta gjeld berre snøskuter.
All ferdsel med motoriserte framkomstmiddel i utmark og vassdrag skal skje aktsamt og omsynsfullt for å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske (jf. LOV § 8). Villrein er særleg sårbar for menneskeleg aktivitet, og det må ein ta omsyn til ved motorferdsel i fjellet.
Reguleringsplanen for Finse – Lågheller skal sikre villreinen sitt trekk over Finsetunnelen. Planen avgrensar køyring på Rallarvegen heile året og anna støyande aktivitet i perioden etter påske til 1. juli. Køyring på denne strekninga av Rallarvegen krev særskilt løyve frå Ulvik herad i tillegg til løyve frå Jernbaneverket.
Innan verneområdane er reglane ofte strengare. Dette vil gå frem av verneforskrifta for området. Motorisert ferdsel innan Hallingsskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde krev løyve frå Hallingskarvet nasjonalparkstyre i tillegg til løyve frå Ulvik herad.
Grunneigarar har rett til å forby eller avgrense motorferdsel på eigen eigedom (jf. LOV § 10). Ein må difor alltid hente inn løyve frå grunneigar før ein ferdast med motorisert framkomstmiddel på annan mann sin eigedom, og i statsålmenningen må ein ha løyve frå Statskog sin lokale representant, fjellstyret. Ansvaret for innhenting av grunneigarløyve ligg til føraren av framkomstmiddelet.
Løyve etter søknad
Motorferdsel i utmark og vassdrag utan direkte heimel i lov krev skriftleg løyve frå Ulvik herad. Og, søknaden skal vere skriftleg. Søknadsfristen er 3 veker før planlagt avreise.
I einskilde saker kan likevel sakshandsamingstida verta mykje lengre enn 3 veker – gjerne opp mot 2 månader. Dette gjeld fortrinns meir prinsipielle saker, som må handsamast politisk etter forskriftas § 6 «unntakstilfelle». Motorferdsel i samband med filminnspeling og konsertarrangement er typiske døme på slike «unntakstilfelle». Men «unntakstilfelle» omfattar i praksis alt som ikkje kan heimlast i nokon annan paragraf i verken lov eller forskrift. Det kan difor løne seg å søkje i god tid.
For meir informasjon sjå rettleiaren: Motorferdsel i utmark: Slik er reglene - miljodirektoratet.no.
Kontakt gjerne heradet, dersom de er i tvil om de treng løyve.
Søknad om motorferdsel
Ferdsle på vatn og vassdrag