Individuell tilrettelegging omfattar fleire rettigheitar.
· Personleg assistanse § 11-4
· Fysisk tilretteleggging, tekniske hjelpemidlar og opplæring i mobilitet §11-5
· Individuelt tilrettelagd opplæring § 11-6
Vedtak og sakkunnig vurdering
Kommunen v/ rektor må fatta vedtak for at eleven skal få rett til individuell tilrettelegging. Dersom det er individuelt tilettelagd opplæring eleven har trong for, må kommunen v/ rektor henta inn sakkunnig vurdering frå PP- tnesta før rektor kan fatte vedtak.
Ansvar og rettigheiter
· kommunen v/ skulen skal involvera og spørja eleven og føresette før den tek avgjerd som gjeld eleven
· vurdera om eleven har trong for individuell tilrettelegging for å kunna delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbye av den
· sørgja for at saka er godt nok opplyst til å fatta vedtak om kva type individuell tilrettelegging eleven har trong for
· henta inn ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta dersom eleven eller foreldra ber om det, eller dersom skulen meinar at eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring.
· fatta vedtak som seier om eleven har rett til individuell tilrettelegging eller ikkje, og kva den individuelle tilrettelegginga skal innehalda
Skulen skal
· gje individuell tilrettelegging slik det står i vedtaket
· laga ein plan for opplæring i dei kompenserande dugleikane for elevane som har rett til opplæring i mobilitet og i tekniske hjelpemidler
· laga ein individuell opplæringsplan (IOP) når eleven treng individuelt tilrettelagd oplæring
· gjera undervegvurdering ut frå mål i IOP-en, og laga ein skriftelg rapport om den individuelt tilrettelagde opplæringa og utviklinga til eleven ein gang pr år.
· Informera føresette og eleven om konsekvensar dersom eleven vel å få vurdering utan karakter i dei faga hen får individuelt tilrettelagd opplæring i
Føresette og elevar
· kan krevja at kommunen v/rektor i eit vedtak tek stilling til om eleven har rett til individuell tilrettelegging
· skal bli involvert når kommunen v/rektor vurderer trong for individuell tilrettelegging
· skal gje samtykke før eleven blir tilmeld til PP-tenesta
· skal gje samtykke før kommunen v/rektor fattar vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring
· kan klaga på vedtaket om individuell tilrettelegging
· skal få skriftleg rapport ein gong i året om den individuelt tilretteladge opplæringa elven får, og ei vurdering av korleis eleven utviklar seg
· kan ta bestemma om eleven på ungdomsskklen skal få fritk frå vurdreing med karakter i dei faga han eller jo har fått individuelt tilrettelagd opplæring i
Frå 1. januar 2005 vart Ulvik medlem av PP-tenesta - Voss herad.
PPT Voss, Voss herad
Postboks 145
5701 Voss
Telefon: 56 51 47 80
Epost: post.ppt@voss.herad.no
Besøksadresse:
Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1
5704 Voss
Frå 1. januar 2025, vert PP- tenesta ei av tenestene lagt inn under SPIRA barne- og familieeining i Ulvik. Det kjem meir informasjon om SPIRA i løpet av hausten 2024.