Trafikktryggleik

La oss i fellesskap betra trafikktilhøva og unngå farlege situasjonar i trafikken. Målet er at alle skal koma trygt fram.

Visjon for trafikken i Ulvik

Ingen skadde eller drepne i trafikken i Ulvik herad.
Meir fysisk aktiv og berekraftig transport.
Alle som ferdast på vegane i Ulvik herad skal kjenna seg trygge.

Kort fortalt

  • Heradsstyret vedtok 8. februar 2023 Trafikksikringsplan 2023-2026.
  • Tiltak som er prioritert i trafikktryggleiksplanen vil prioriterast for gjennomføring. Heradet jobbar både med haldningsskapande arbeid og fysiske tiltak.
  • Heradet har etablert ei tverrfagleg trafikktryggleiksgruppe som møtast to gonger per år.
  • Trygg trafikk godkjente Ulvik som Trafikksikkert herad 8. desember.  Her er m.a. fokus på trafikktryggleik i samarbeid med organisasjonar, lag og foreiningar eit tema. 

Har du innspel til trafikktryggleikstiltak?

Ofte stilte spørsmål:

Du kan melda behov for fysiske trafikktryggleikstiltak som til dømes vegljos og trafikkskilt. Desse vil som hovudregel bli vurdert ved neste rullering av trafikksikringsplanen.

Meld innspel til trafikktryggleikstiltak 

Vil du melda feil knytt til vegvedlikehald som til dømes gateljos som ikkje fungerer, øydelagte kumlokk/trafikkskilt, behov for å rydda vegetasjon, reinhald, brøyting og strøing o.l.? Sjå vår heimesida Vegvedlikehald

Til toppen