Ulvik herad er i gang med ny utforming av sentrum i bygda. Det som i dag er parkeringsplass skal saman med grasplenen nedanfor mot fjorden, saman med vegen mot kyrkja, gjerast om til parkområde, møteplassar og torg. Deler av parkeringsplassen vert flytta mot nord.
Endringane vil skje gradvis, og me testar ut ulike aktivitetar undervegs. Ulvik herad har som mål å transformere området til å verte ein møteplass som bidrar til å skape eit attraktivt og levande sentrum der det er kjekt å vere.
Følg med og kom gjerne med dine innspel her :Sentrumsutvikling i Ulvik
Det er sett opp skilt og fysisk avstenging. På kartet under er områda som vert stengt markert i raudt.