Ny hurtigladestasjon i drift

Den nye hurtigladestasjonen ved avkøyring frå fv 572 mot Brakanes hotel er sett i drift. Her kan ein no lade opp til 200 kw.  Du finn den i app'en "Bilkraft"

FLEIRE LEDIGE STILLINGAR I ULVIK BARNEHAGE

Stilling 1 Barnehagen har, frå 1. august 2025,  ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid, kan evt. opna opp for assistent .   Stilling 2 Vikariat som barnehagelærar evt. fagarbeidar i 100% stilling frå 1. august 2025 - 31. juli 2026.   Stilling 3 Vikariat som fagarbeidar evt. assistent i 20% frå 15. august 2025 - 31. juli 2026. Stillinga er knytt til storbarnsavdeling.   Søknadsfrist :  1. mai, 2025

Butikklokale i sentrum av Ulvik til leige

  Plato AS har for leige butikklokale sentralt i Ulvik i Hardanger  Butikken ligg på gateplan i eit bygg med 18 leilegheiter i etasjane over, og med Brakanes kurs- og konferansesenter på andre sida av bygget.  Det er god tilkomst for varelevering og parkering i gata utanfor.   Areal:  BTA 345 m2 BRA 330 m2

Nedsett aksellast

Det vert i ein kort periode nedsett aksellast til  3 tonn  på brua over Austdølo i Osa. Dette skuldast flaumen Jakob som har greve ut stein under brufundamentet. Arbeidet med å retta opp skaden vil starta snarleg.  

Folketalet i Ulvik herad har auka!

Folketalet i Ulvik herad auka med 6 personar i 4. kvartal i 2024. No er vi 1.100 innbyggarar.  Velkomen til alle de som er nye i heradet!  

Ledig læreplass

1 læreplass i helsearbeidarfaget. Kontakt: Caroline Fleten, tlf 400 07 184. Søknad sendast: caroline.fleten@ulvik.kommune.no