Ei kriminell rundreise i Hardanger

Onsdag 27. november kl. 19 kjem krimforfattar Agnes Lovise Matre til Ulvik folkebibliotek, og tar oss med på "ei kriminell rundreise i Hardanger."

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hovudfokus i foredraget er dei fem krimbøkene Matre har skrive frå Øystese og bygdene langs Hardangerfjorden, og kva rolle desse bygdene, folka, landskapet og
nærmiljøet har i bøkene hennar.

I tillegg vil ho snakka om korleis ho skriv og planlegg bøkene sine, om korleis ho viklar inn det vonde i alt det vakre, og tematikken som alltid ligg i botn av romanane hennar.

Det vert òg smakebitar frå den komande boka «Tapt ansikt» som kjem våren 2025. Ho vil svara på alle spørsmål publikum måtte ha om skriving og om bøkene hennar, og ho har med seg bøker som kan kjøpast signert etter arrangementet. I tillegg loddar ho ut nokre krimbøker blant dei frammøtte kvar kveld.

Fri adgang

Til toppen