Ei utstilling om den siste grendaskulen og skulehistoria i Ulvik

Denne gladmeldinga mottok Ulvik herad nyleg frå Sparebankstiftinga Hardanger:

«Me er glade for å kunne løyva kr 350 000,– som stønad til dykkar prosjekt «Ei utstilling om den siste grendaskulen og skulehistoria i Ulvik».

Med ein slik raus stønad kan Ulvik herad arbeide vidare med å  formidle historia om grendaskulen og kunnskapsformidlinga som har sterke røter i heradet. Som tidlegare fortalt, arbeider me med å gjenskape eit skulemiljø frå starten av 1900 talet, som skal visast i lokala til Ulvik folkebibliotek.
Ulvik herad bidreg med omfattande arbeidsinnsats og eigne midlar i prosjektet.
Utstillingsprosjektet er eit tiltak som vil ha verdi i lang tid for mange i lokalsamfunnet og derfor vere til stor nytte og glede. 
Noko arbeid står at før vi kan invitere til opning av utstillinga. Dette gledar me oss til.

Til toppen