Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.

Eigenberedskap Daniel Fatnes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere. Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!

Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Er du førebudd? 

Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? 

Straumbrot kan gjere at det ikkje kjem vatn i springen, og føre til at kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og utstyr til matlaging ikkje fungerer som normalt. 

Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på slike situasjonar.  

Styrk eigenberedskapen din!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste. I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.  

Ved å vere førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakke om at du får betre tid på deg til å planleggje vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.  

Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn inga!  

 

Les meir om og test din eigenberedskap her

 

ADVICE ON SELF-PREPAREDNESS FOR EMERGENCIES

Til toppen