Haustfest på omsorgstunet

Kvar haust sidan 2021 har me på omsorgstunet laga til haustfest for bebuarane våre. 

Då dekka me kongebord i kantina, med kvitduk, haustserviettar, og pyntar med haustfargar. Bebuarane har moglegheit til å ta med seg ein pårørande, ven eller ein annan dei ynskjer å dela kvelden med.

I år hadde me haustfesten fredag 18 oktober, og som alltid stod kjøkenet for maten. Som tidlegare år blei det nydeleg smalahovud med tilhøyr, og heimalaga eplakake med iskrem. Dette er tradisjonsmat som dei fleste har eit forhald til.

Me er og så heldige at kulturskulen stiller opp og underheld for oss på desse kveldane. I år var det 3 flinke hardingfele-elevar som spela to slåttar for oss før måltidet tok til.

Mellom hovudretten og desserten blei det gitarspel og allsong, før måltidet blei avslutta med god drøs rundt bordet mellom bebuarar, pårørande og dei tilsette som var på jobb.

 Det blei ein minneverdig og fin kveld i godt selskap, me gler oss alt til neste år.

Til toppen