Saman om ein inkluderande og god oppvekst i Ulvik herad
Tema:
Eit inkluderande herad, der me snakkar med kvarandre, og ikkje om.
1. Presentasjon av Spira barne- og familieeining. V/ einingsleiar Eyvind Eidhammer
Ei tverrfagleg eining som dekkjer tenestene barnevern, PPT og helsesjukepleiar som skal arbeida med førebygging, gje lågterskel tilbod og handsame lovpålagde oppgåver.
Kva kan me som innbyggjarar bidra med for at born og unge skal kjenna seg inkluderte og få ein best mogeleg oppvekst?
2. Politiet informerer om korleis dei arbeider med førebygging.
Me har von om at flest mogeleg har høve til å setja av denne stunda for å få informasjon om kva forventningar me har til den nye tenesta Spira, og kva forventningar me har til kvarandre i Ulvik herad.
Me ynskjer eit inkluderande lokalsamfunn, og for å få til det har me alle eit ansvar.
Velkomne!
Spira barne og familieeining, oppvekst Ulvik herad