Kikhosteutbrot i nærområdet og vaksineråd

Som dei fleste veit har det vore (og er framleis) utbrot av kikhoste både i Bergen og på Voss.

Vi vil minna om tilrådingane for vaksinering mot kikhoste, der formålet først og fremst er å beskytta born under 1 år.

Gravide får no kikhostevaksine i svangerskapet.

Folkehelseinstituttet tilrår oppfrisking av kikhostevaksinasjon kvart 10.år for alle. Især foreldre, søsken eller andre nærkontaktar (besteforeldre) til uvaksinerte spedborn, bør ta ein ny dose.

Kikhostevaksine finst berre i kombinasjonsvaksinar. Boostrix Polio innheld oppfrisking av fire vaksinar (kikhoste, stivkrampe, difteri, polio). Du kan finna ut om du har fått denne i løpet av dei siste åra på helsenorge.no, mange har tatt slik oppfrisking i samband med utanlandsreiser eller sårskadar.

Dersom du ønsker vaksinering, så ta kontakt med legekontoret. Vi har Boostrix Polio på lager, pris kr 260 for vaksinen og 150 for vaksinering v/sjukepleiar, totalt kr 410,-

Utbruddet av kikhoste i Norge - FHI

 

Helsing Kommunelege og helsestasjon

Til toppen