Ledig fast stilling, nattevakt 60%

Me har ledig ei 60 % stilling med arbeid hovudsakleg på natt. Arbeidsstaden er på Omsorgstunet i Ulvik. 

Søknadsfrist: 05.12.24

På nattevakt er det to tilsette, saman med sjukepleiar på bakvakt som har ansvar for pasientane på Omsorgstunet og i heimesjukepleien. Nokre vakter på kveld og dag må også påreknast.

 Oppgåver

  • Helsefagleg yrkesutøving i form av stell, utgreiing, pleie og omsorg, samt rettleiing i hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.
  • Administrering av medikament i samsvar med delegasjon.
  • Vegleiings- og opplæringsansvar overfor medarbeidarar/elevar.

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Du er autorisert helsefagarbeidar eller under utdanning.
  • Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande nivå B2.
  • Du har førarkort for bil.
  • Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerder basert på fagleg kompetanse.
  • Du er fleksibel og serviceinnstilt, med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
  • Du jobbar effektivt, strukturert, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Søkjarar må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

 

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande tariff.
  • Arbeidsplass i nye, moderne lokale.
  • Ein jobb i verdas vakraste bygd.
  • Dyktige kollegaer.
  • Høve til fagleg utvikling.
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
  • Ein trygg og god arbeidsplass.

 

Om arbeidsgjevar

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun, som var nytt i 2020.

Søk digitalt her Merk søknaden med saksnr. 24/1460

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med:
Caroline Fleten, tlf 400 07 184
caroline.fleten@ulvik.kommune.no

Til toppen