Ledig stilling Brakanes skule - 80% vikariat

Ledig vikariat frå 01.08.26-30.06.2027

Søknadsfrist: 8. mai 2026

Aktuelle arbeidsoppgåver
• Kontaktlærar
• Faglærar
• Vikartimar v/behov
• Vikarhandtering
 

Kvalifikasjonar
Me lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller anna
faglærarutdanning. Me lyser primært etter undervisningspersonale som har
grunnskulelærarutdanning. Søkarar med faglærarutdanning med PPU eller anna godkjend
pedagogisk utdanning vert og vurderte.
Arbeidsspråket er norsk, og søkjarar bør difor ha norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
 

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, ynskjer å læra av og med andre, er
utviklingsorientert, har positivt elevsyn, har humor og god relasjonskompetanse.

Søknad på stilling merk med saksnr. 26/873
 

Lysinga er publisert på ulvik.kommune.no og NAV
Me hjelper gjerne med å skaffe bustad. Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar.

Spørsmål om stillingane på Brakanes skule kan rettast til konstituert rektor
Sebastian Hoffmann, tlf: 41866977
sebastian.hoffmann@ulvik.kommune.no


Tilsetjing i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæringa, aktivitetsskulen eller for å gi
leksehjelp er avhengig av at det før tiltreding blir lagt fram politiattest i tråd med
opplæringslova § 17-11