Ledig vikariat som reinhaldar

Samfunn og plan har eit ledig vikariat som reinhaldar i perioden 01.07.26 til 31.03.27. Etter nærare avtale kan anna dato for oppstart avtalast. 

 

Oppstart:                            01.07.2026

Søknadsfrist:                     04.05.2026

Tilsetjingstilhøve:            Vikariat

Om stillinga

Stillinga er ein 100 % stilling, der dei daglege oppgåvene vert styrt av leiande reinhaldar. Det meste av arbeidet ordinære reinhaldsoppgåver på skule, omsorgstun, barnehage og andre kommunale bygg. I utgangspunktet er alt reinhald på dagtid, men ein må ta høgde for ein viss fleksibilitet ved særskilte høve. Oppmøteplass er på Brakanes skule eller ved andre kommunale bygg etter avtale.

 

Oppgåver

Dagleg reinhald

Hovudreingjering (rundvask, golvpleie etc.) etter avtale/plan

Vask av vindauge etter oppsett plan

Golvpleie

Reinhald og lett vedlikehald av rengjeringsmaskiner

Andre oppgåver ved behov

 

Ynskja kvalifikasjonar

Du har fagbrev som reinhaldar. Relevant erfaring osv kan kompensera for manglande 

formell utdanning. 

Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Førarkort klasse B.

 

Eigenskapar

Har god kommunikasjons og samarbeidsevner 

Er oppteken av kvalitet og fagutvikling 

Evner å jobba strukturert og systematisk 

Er løysningsorientert, meistrar uføre sette hendingar 

Har evne til å strukturera og koordinera arbeidet i ein hektisk kvardag 

Lika å omgå ulike aldersgrupper 

 

Me kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 

Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka 

Løn etter gjeldande avtalar og tariff

Ein jobb i verdast vakraste bygd

 

Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/807

 

Om arbeidsgjevar

Samfunn og plan i Ulvik herad har ansvar for reinhald av kommunale bygg. Reinhald har ein eigen leiande reinhaldar som tar seg av dei praktiske utfordringane og organiseringa i det daglege. Personalansvar ligg til kommunalsjef. Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Vi har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne . 

Meir informasjon finn du Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

 

 

Kontaktpersonar

Trygve Vik

Kommunalsjef samfunn og plan

4000 7186

trygve.vik@ulvik.kommune.no

 

Camilla Hole

Leiande reinhaldar

4000 7175

camilla.hole@ulvik.kommune.no