Turistkontoret med Handelslaget
Turistkontoret er frå 1. mai - 22. mai ope kvar dag frå 9 - 16.30, søndag 10 - 16.30. Frå 23. mai vil opningstida vere kvar dag frå 9 - 17, søndag 10 - 17. I tillegg har vi digital turistinformasjon som er godt besøkt (står ved Haugesenteret).
Dersom de har arrangement eller anna informasjon vi skal formidle, må de sende dette på e-post til visitulvik@ulvik.kommune.no Vi får ikkje alt som blir publisert på Facebook. Telefonnr. til turistkontoret er +47 400 07 199
"Ulvik i dag" er ein digital løysing knytt til skjermane vi har på turistkontoret. Bruk app'en og få enkel oversikt over opningstider, arrangement og mykje det som skjer i bygda. Her er qr-kode direkte til app'en:

Ny tiltaksdel i Strategisk nærings- og utviklingsplan (SNU-planen)
Tiltaka i gjeldande plan er for det meste gjennomført, og vi vil ha inn nye tiltak som skal prioriterast dei neste fire åra. Planen er styrande for heradet sine prioriteringar og bruken av næringsfondet.
Det har vore gjennomført innspelsmøte med ulike interessegrupper, med god oppslutnad frå landbruk og frivillige lag og organisasjonar. Men mange av dykk som driv eiga bedrift har ikkje deltatt. Eg er på turistkontoret torsdag 7. mai og måndag 11. mai frå kl 15 til 17.30 om du vil ta turen innom med dine forslag til planen.
Tiltak i sentrum i sommar
I tråd med ny reguleringsplan for sentrum, vil det i området kring Allmenningen bli gjennomført fleire tiltak i sommar, både permanente og midlertidige. Haugebautaen skal flyttast ned til Haugesenteret, i tråd med tidlegare forslag.
Frivilligsentral
Frivilligsentralar har mange stader ei viktig rolle som bindeledd mellom heradet, bedrifter og frivillige lag og organisasjonar. Det blir handsama sak om ny frivilligsentral i heradsstyret 20. mai.
Dei beste ønskjer om ein god og travel sommarsesong 🙂
Venleg helsing
Mona H Hellesnes
Ulvik herad
Nærings- og reiselivssjef