OBS! Ny forfallsdato for kommunal fakturering.

Økonomiavdelinga utfører fakturering på vegne av Ulvik herad. Fakturering skjer i samsvar med prisar og retningslinjer for dei ulike tenestene fastsett av heradsstyret, publisert på Ulvik herad si heimeside.

 

Eventuelle spørsmål til fakturaer må rettast til eininga som har levert tenesta.

Merk at det vert endra forfallsdatoar for kommunale avgifter frå og med andre tertial 2024:
Ny forfallsdato vert den 20. i månaden.
For tertialvis fakturert går ein no over til forfall 20.4., 20.8. og 20.12.

Dersom nokon treng utsett betalingsfrist ved overgangen til ny forfallsdato, ta kontakt på epost: okonomi@ulvik-kommune.no

 

Kommunale avgifter:
Gebyr for vatn, kloakk, septikk, feittutskiljar, festeavgift og behovsprøvd feiing og tilsyn vert, som hovudregel, fakturert tertialvis på etterskot.

Ulvik herad tilbyr også månadleg og årleg fakturering av kommunale avgifter. 
Om dette er ynskjeleg, ta kontakt på epostadressa nemnt over.

Skulefritidsordning, barnehage, husleige, pleie- og omsorgstenester:
Månadleg fakturering. Forfall den 20.

Kulturskule: 
Halvårleg fakturering, vanlegvis med forfall 20.12. og 20.6.

Eigedomsskatt for kraftanlegg og kraftnett: 
Fakturert halvårleg , med forfall 1.5. og 1.10.

Ubetalte krav:
Ulvik herad sender purring med 14 dagars frist på krav som ikkje er betalt innan opprinneleg betalingsfrist.

Om Ulvik herad si purring ikkje blir betalt, sender IntrumAS ut inkassovarsel. Fører ikkje varselet til betaling, er neste steg inkasso/tvangsinndriving i samsvar med aktuelt lovverk.

Betalingsproblem?
Dersom du treng utsett frist eller betalingsavtale, ta kontakt på epost: okonomi@ulvik.kommune.no

Til toppen