Opning av utstillinga om skulesoga i Ulvik

Torsdag 24. april var det høgtideleg opning av museumsutstillinga om Bagnstrond skule, på Ulvik Folkebibliotek. 

 

Les meir om utstillinga

Kommunedirektør Thore Hopperstad, fagansvarleg Ann Kristin Ramstrøm, kulturkonsulent Anne Marit Lekve og huseigar Sigbjørn Øydvin.

Tale ved opning av utstillinga ved kommunedirektør Thore Hopperstad

Opning av utstillinga Bagnstrond skule – 24.april 2025

For å koma seg til skulehuset på Bagnstrond i Ulvik, måtte ein ta båt over fjorden – for der finst ingen veg. Dette var ein heilt vanleg måte å ferdast på den gongen, før bygging av vegar gjorde at vegen tok meir og meir over som ferdselsåre, og etter kvart endra både grende- og kommunestrukturar langs fjordane på vestlandet og i resten av kyst- og fjord-Noreg.

Skulehuset vart bygd kring år 1863, og fungerte som både skule og grendahus frå 1910 til 1961. I 1962 vart skulen formelt lagt ned. Bagnstrond skule var på dette tidspunkt  Noregs minste, med to elevar og ein lærar. Dei to siste elevane var brørne Jon Asle og Oddmund Johan Utne. Siste læraren var Aslak Hallanger. 

Etter 1962 har skulen mellom anna vore brukt som leirskule for elevar frå Brakanes skule, fram til skulehuset vart selt til privat kjøpar i 2023. 

Bagnstrond skule er omtala i Kulturarvsplanen for Ulvik herad og skulehistoria i Ulvik er viktig å få formidla. Utstillinga Bagnstrond skule består av den fysiske utstillinga som me ser her, og det er òg laga eit formidlingsopplegg for grunn-skulen, der ein vil få kunnskap om skulekvardagen i tidlegare tider, og den lokale skulehistoria i Ulvik.

I samband med salet, og før ny eigar tok over eigedomen var heradet ute og henta ein del inventar og utstyr med tanke på å ta vare på historia. I samband med dette fekk heradet god hjelp frå Arne Skjerven til å plukka ut bøker og gjenstandar frå skulestova, som skulle representera skulehistoria på Bagnstrond og vera typiske gjenstandar frå ein grendaskule. Hardanger produksjonsskule stilte med berehjelp og skyss for å få gjenstandane frå Bagnstrond skule til Brakanes, saman med tilsette frå utedrift. Me vil takka både Arne Skjerven, produksjonsskulen og mannskap frå utedrift for svært god hjelp!

Det vart søkt prosjektmidlar til å skape ei permanent utstilling av Ulvik si skule-historie og me fekk midlar til prosjektet gjennom eigne løyvingar i heradet og frå Sparebankstiftinga Hardanger. Me er svært takksame for denne støtta.

I arbeidet med å etablera utstillinga har me hatt god hjelp frå huseigar, Sigbjørn Øydvin, malar Ivar Frøystein og tilsette på Utedrift i heradet – Takk til alle desse for arbeidet som er lagt ned.

Kloke folk ved Ann Kristin Ramstrøm har hatt fagansvaret for denne utstillinga. Ann Kristin har god erfaring med museumutstillingar og har arbeidd med dette i nærare 20 år.

Vidare vil me retta ein stor takk til Stabsavdelinga som har hatt ansvar for dette prosjektet, og då særleg kulturkonsulent Anne Marit Lekve som har vore prosjektleiar og som har halde godt i prosjektet, sikra framdrift og løyst mange og varierte oppgåver undervegs. Bibliotekssjef Ivar Bu Larssen har også vore ein god bidragsytar inn i prosjektet, og vil vera vertskap for denne utstillinga, i kraft av stillinga som bibliotekssjef.

Me har fått laga ei utstilling me er stolte av å presentera for dykk i dag, og for mange andre besøkande i tida som kjem. Ved at utstillinga er plassert i til-knyting til biblioteket, vil me ha fast opetid og tilsyn med utstillinga.

Takk også til dykk som har møtt fram i dag, og vist interesse for heradet si skule-historie og denne unike utstillinga.

Med dette erklærer eg utstillinga for opna.

Tente skulelys på skulebenkar frå Bangstrond skule.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Utstillinga er open i opningstida til biblioteket.