Seniortreffet startar opp att 15.august

Kvar torsdag er det sosialt samvær på Ulvik omsorgstun for Seniorar over 65 år.

Stad: Aktivitetsstova Solsæ på omsorgstunet
Tid: Torsdagar f.o.m 15 august til 19 desember. Kl. 11.00 - 14.00
Påmelding: Innan onsdag kl. 13.00, alle må melde seg på slik at kjøkenet har nok kaffimat. Meld og ifrå om du vil ha middag, og om du treng transport til/frå.

Me spandera kaffi/te, og ein betalar sjølv 20,- for kaffimat som kjøkenet lagar. 
Nokre torsdagar er det andakt, andre gonger konsert. Utover det er det opptil deltakarane kva treffet skal innehalda. Deltakarane på treffet organisera sjølv kaffi-kokning og oppdekking. 

 

For dei som ynskjer middag, må dette tingast ved påmelding. Middagen blir servert i kantina kl. 13.00. Det er og råd og ta med middagen heim om ein heller vil det.
Pris for middag er 115,- pr person inkludert dessert. Middag og kaffematen betalar ein i kantina, og me ynskjer helst at du betalar med kort. 

Påmelding til sentralbord Ulvik Omsorgstun tlf. 56 52 70 80 innan kl. 15.00 dagen i forvegen. Sentralbordet er ope for påmelding frå kl. 09.00 – 13.00 på kvardagar. Gje beskjed ved påmelding om du treng skyss, og om du ynskjer middag.
 

Til toppen