Utstilling frå Bagnstrond skule i biblioteket

Bagnstrond skule vart seld i sept. 2023, og er no i privat eige. 
Ulvik herad har sikra seg eit utval av gjenstandar frå skulen, og arbeider no med å gjenskape eit lite skulemiljø på eit rom/gang  i biblioteket. 

Romma som skal nyttast er no pussa opp og har blitt riktig så fine.Me arbeider i lag med eit firma som har museumsfagleg kompetanse. Dei hjelper oss med å tilretteleggje lokalet til formidling og presentasjon av skulehistorien. Arne Skjerven, tidlegare lærar og skuleleiar, har vore medhjelpar i arbeidet. Både han og Ulvik Sogelag er kobla på for å hjelpe med historieformidlinga.
Me nærmar oss ei sluttføring av prosjektet, og reknar med å kunne opne for publikumsbesøk i i løpet av hausten
Meir informasjon vil koma.

Til toppen